Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 12. november 2009

I desse vampyrtider!

I desse vampyrtider er det ein heil haug med folk over heile verda som ventar spent på filmfortsettelsen av kjærleiksforholdet mellom Bella Swan og Edward Cullen. Eg ska innrømma at eg har nettopp såte og sukka meg øve Robert Pattinson i "Twilight." Eg lese for øyeblikket "Evighetens kyss", og lige både boka og filmen. Eg har ikkje så mange kritiske innvendingar mot filmatisering, og meiner at bok og film er to ulike medium og bør behandlas i så måte. Eg trur at det er ganske umulig for ein regissør og produsent å laga ein film som er heilt lik boka. Men det er nå bare mi meining.

Oppigjønå årå har eg sett og lest mykje om vampyrar. Eg har ikkje søkt på nettet om korleis vampyrane faktisk er, og kor mange myter eller fakta det fins om vampyrar. Men! Eg lurer på om myter og fakta har endra seg?

I 1979 skreiv Angela Sommer-Bodenburg den første boka om "Den vesle vampyren." Den starter med at Anton sitter aleine på rommet sitt (i 6.etasje) og ser ein skummel film. Plutselig banke det på vinduet, og utanfor står vampyren Rydiger von Schlotterstein. Seinare får me møta søster, bror, og resten av familien Schlotterstein. I desse bøkene sover vampyrane i kister om dagen (på ein kyrkjegard), kyrkjetjenaren går rundt med spisse trepinner i lommane og vampyrane dreper tilfeldige forbipasserande for å stille hungeren.

Frå 1997-2003 gjekk "Buffy - The Vampire Slayer" på fjernsynet. Dette var ein serie der hovudpersonen Buffy Summers (Sarah Michelle Gellar) dreper vampyrar med nemnte spisse trepinnar. I serien møter me og andre skapningar og demonar som prøve å gjera livet surt for Buffy. Buffy har nogen venner som hjelpe na med å finna utav korleis Buffy på best mulig måte kan beskytta innbyggarane i byen de bur i. Her er vampyrane for det mesta onde, men så har du Angel (David Boreanaz) og Spike (James Marsters). Angel er god, forelska i Buffy, de er kjærester ein periode, før han forsvinne. Spike er både god og ond, og forelska i Buffy. Dei er og saman ein periode.

I 2005 vart Stephenie Meyer's "Twilight" gitt ut. Den hadde blitt avvist av 14 forlag før Little, Brown and Company ville satsa på den. Den har til nå solgt øve 85 millioner eksemplarer over heile verda og oversatt til 38 språk. Twilight-serien som omhandler 4 bøker (Twilight, New Moon, Eclipse og Breaking Dawn) handler om Bella Swan som flytter til faren i Forks, Washington og forelsker seg hodestups i den 104 år gamle vampyren Edward Cullen. Her er det ingen utanom Bella som veit om familien Cullen, men dei går ut i dagslys, men viss det er sol så glinser huden som diamanter. Omtrent heile verda kan denne historien, så eg skriver ikkje meir om det.

Serien "True Blood" har akkurat byrja å gå på norsk fjernsyn. Serien er basert på Charlaine Harris' bokserie "The Southern Vampire Mysteries." Den handler om Sookie Stackhouse som er servitør på Merlotte og forholdet hennar til vampyren Bill Compton. Det som er interessant med denne serien er at japanarane har funne opp kunstig blod som gjer at vampyrane kan bestilla dette på bar eller kjøpa det i butikken på lik linje med øl, og dermed kan dei vera meir med i samfunnet. Det er ikkje alle som er happy happy for dette i den lille byen Bon Temps. I denne serien går ikkje vampyrane ut i dagslys, men det er dei som drikk av menneske.

Så kva er konklusjonen?

I Lørdagsrevyen 14.11.09 (http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/190728) hadde dei ei sak om vampyrar. Mona B. Riise hadde vore i California og intervjua professor Laurence A. Rickles på Universitetet i Santa Barbara. Han har skreve bøker om fenomenet og brukes nå som konsulent for vampyrfilmer- og serier. Han sa blant anna at blodsuging er den ultimate urfantasien. Nå handler vampyrfilmane og seriane mykje om kjærleik mellom vampyr og vanleg menneske. Rickles sa og at det var nok ikkje tilfeldig at mange vampyrhistorier handler om integrering etter at Obama vart president i USA. Nå er det på ein måte "lov" å vera annleis. Eg trur ikkje at myter og fakta har endra seg, men historiane har endra vampyrar frå å vera drapsmaskiner og utstøtte til å bli halvveis aksepterte.

Eg syns det er fascinerande med vampyrer, men eg trur ikkje at eg trur dei fins, men kanskje ein gong i tida så fantes dei. Med dette blogginnlegget så håper eg at eg ikkje støter nokon, men viss dokk har kommentarer eller synspunkt så bruk kommentarfeltet.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar