Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 4. desember 2009

Julestemning!

I 1843 skreiv Charles Dickens ei bok som heiter "A Christmas Carol." Den handlar om Ebenezer Scrooge som hater julen. Ein kveld får han besøk av sine avdøde forretningspartnere, Jacob og Robert Marley. Dei fortel han at han skal få besøk av tre ånder; Ghost of Christmas Past, Ghost of Christmas Present og Ghost of Christmas Yet to Come. Scrooge så gjer, og utover natta så forstår han kva jul eigentleg er. Mange år seinare, i 1996, fekk eg "Muppetenes Julefortelling" til bursdagen (saman med ein kulepenn der Kermit the Frog og Miss Piggy er på sykkeltur). Denne filmen må eg sjå kvart år, og det er, tro det eller ei, den filmen som vekker mest julestemning. Eg har nå beslutta å kjøpe den på DVD (ja, VHS lever framleis) pga at det er bare norsk tale på VHS 'en min. Men eg kjem ikkje til å kaste filmen. Litt nostalgi må eg få lov til å ha:) Kva får deg i julestemning?

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar