Søk i denne bloggen

onsdag 6. januar 2010

Passer den for meg?

For første gong på åravis er nærmast heila landet skjult under eit kvitt teppe av snø og is. Og eg er galleie av snø, is og kulde og kan godt tenka meg å grava meg ner til våren komme! Du forstår at det er kaldt når du sitte og følgje med på gradestokken og med ein gong den viser litt færre minusgrader enn for ti minutt si, så går eg ut med hunden. Eit kvarter seinare går eg inn igjen for gradestokken viser sannsynligvis feil (:p), for det er steinkaldt ute! På Røros har de hatt -41,5 grader, og min draum om å besøka byen med den nydeliga kjerkå vinterstid er bokstavelig talt lagt på is.

Eg har lest ferdig Nicholas Sparks' "Et skjebnemøte" og begynte på "Ved første blikk." Den første boka var heilt grei, litt langtrukken kanskje. Den andre som var ein oppfølger skumma eg raskt gjennom (vel og merke itte eg hadde lest slutten først), men eg har lest noge aent og i dag som eg vil ta med. Mor har abonnert på Hjemmet i årevis, og eg lese det meir eller mindre frå perm til perm. Det er ikkje romanane som drar meg, men interiørsidene og matoppskriftene. Det siste året har de hatt ei side der ein person snakker om bøker, og det er og ein konkurranse der du kan vinne bøker ved å svare på eit spørsmål. I Hjemmet nr. 2/2010 (som sagt abonnere mor så då får ho bladet i posten ei veke før det kjem i butikkane) er det ei dame som heiter Liv Gade som er blitt intervjua. Ho har nyleg fått Forlagsprisen for sitt utrettelege arbeid med å få folk til å lese god litteratur. Eg har personleg aldri høyrt om dama, men ho reiser visst rundt og held foredrag. "Bokpraten" har fem faste spørsmål og det eine lyder som følgjande: "Hvilken bok ble du aldri ferdig med?" Eg skal ikkje avsløra kvifor ei bok Gade aldri vart ferdig med, men eg vil ta med slutten av spørsmålet. "Jeg har valgt å tolke dette spørsmålet positivt: At en bok du aldri blir ferdig med, er en bok du stadig vender tilbake til. Jeg får meg ikke til å si at en bok kjeder meg. Hvis en bok ikke engasjerer meg, så gir jeg den 50-60 sider. Har boken fremdeles ikke "tatt meg", så avslutter jeg lesingen. Da passer den ikke for meg, men det behøver ikke å bety at boken er dårlig."
Eg har begynt på og avslutta bøker, eg har skumma gjennom bøker, og eg lese stadig slutten først, for eg er ikkje nogen spesiell stor fan av bøker der begynnelsen og midten er flott, medan slutten er grusom. Men! Sjølv om eg avslutter boka før den er ferdig lest, betyr jo ikkje det at boka er dårleg, det betyr ganske enkelt bare at den passer for andre enn meg.

Så les mykje, les godt og ikkje ver redd for å legga frå deg boka før den er ferdig! Og legg gjerne igjen boktips i kommentarfeltet!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar