Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 28. februar 2010

Flinke forfattarane

Eg er mektig imponert øve dei forfattarane som klare det kunststykket å halda lesaren på tå hev gjennom ei heile bok! Denne gongen er det Stephenie Meyer som får denne utmerkelsen. Eg har lest ferdig "Formørkelsen." Dei 100 siene gjekk som i ein røyk, og eg vente spent på at nr. 4 skal bli ledig på biblioteket. Det er så ufattelig spennande og eit heilt nytt univers opne seg, og eg har ingen forutsetnad for kva som kjem til å hende med Bella, Edward, Jacob, the Cullens og resten av karaktergalleriet i Twilight-sagaen. Kanskje eg ein dag finne mot til å visa fram mine karaktergalleri (ja, eg har eit par) og deira historier:-O

Agatha Christie og Sue Monk Kidd vart levert tilbake til biblioteket og mi systers bokhylle, og erstatta med Nora Roberts, Rosamunde Pilcher og Tor Bomann-Larsen. Eg har funne ut at det nytte sjeldan å låne fleire bøker av den same forfattaren, så eg bytter som regel mellom forfattarane. Eg held på med ei Nora Roberts-bok, men det får bli eit anna innlegg. Fant nyleg ut at bloggen min ligg på rundt 15.-16. plass på blogger som skriver om bøker, og det er jo litt stas. Bloggen skulle ikkje handle om det eigentleg, men eg trur det er det den handlar mest om:p Det er jo ikkje det verste innhaldet i bloggverda:)

Ha ein fin ettermiddag! Eg skal ta med meg mp3-en og hunden ut på tur. Tinvér, sol og blå himmel den siste dagen i februar er ikkje så aller verst. Kanskje våren kjem likevel, eg hadde mine tvil ei stund:p

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar