Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 7. februar 2010

Melodi Grand Prix 2010

Eg har aldri vore den heilt store tilhengjaren av Melodi Grand Prix eller Eurovision. Det tar for lang tid! De teljer jo stemmer i det uendelege, og det er så langtrukke. Men! I fjor, på 16. mai, fant eg meg sjølv sitjande og sjå på avstemminga i Eurovision, då Alexander Rybak var i ein klasse for seg. Dette året har Grand Prix-kjenslene gått i kjelleren igjen, pga adle desse delfinalane. Når eg var mindre så var den norske Grand Prix-finalen ein kveld også var den internasjonale nokon månader seinare. Nå er det jo delfinaler i øst og vest, og eg blir så lei av trynet til Per Sundnes:p

Du kan ikkje unngå å få med deg kven som er med i den norske finalen når du leser aviser og høyrer radio, og eg hadde eit stille håp om at Didrik Solli-Tangen sko koma litt høgt opp. Det norske folk har talt, han vant og skal representera Noregs land den 29. mai på Telenor Arena. Melodi Grand Prix, for meg, handler om å bringa fram ukjente talenter, men eg føler det blir litt feil når stjerner som a1, Heine Totland, Mira Craig og Venke Knutson er med i MGP. Derfor var det flott at det var ein ukjent person som vant. Om han ikkje får den heilt store karierren ittepå, så har han fått sine minutt i rampelyset. Så Didrik Solli-Tangen: "My Heart is Yours" :)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar