Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 8. mars 2010

Oscar dagen derpå

Oscar-utdelinga vart sett på, frå 02:30 til 06:00 i dag morges. Kjente på trøttheten i 4-tia, og når klokka var 6 var eg ganske segneferdig. Gjekk opp og la meg og sov 5 timer:) Har che vore heilt vaken idag, men fytti for ein energi ein får når ein ikkje er heilt ved sine fulle fem:p Hadde tenkt å skriva om kem som vant og blablabla, men det kan dokk lesa på alskens nettsider. Eg er spesielt glad i imdb.com, og der får du og eit fyldig recap - referat - frå kvelden. Det likte eg veldig godt:) Tidlegare år har eg ikkje alltid fått med meg kven som har vunnet, kven som hadde den og den kjolen og keffor ein film som fekk mest ære og heder. I år er det derimot annleis for eg har funne ut at eg får så mykje meir med meg når eg ser det, enn når eg bare scrolle nerøve ei sida der vinnarane står.

Dei viktigaste prisane skal dokk aligavel få med dokke før dokk forlate bloggen min:) Jeff Bridges vart nominert til Oscar for første gong i 1971, og i år var det hans femte nominasjon, og han vant for sin outstanding hovudrolle i "Crazy Heart." Sandra Bullock vant Oscar for beste kvinnelege hovudrolle i filmen "The Blind Side", og det var hennar første Oscar-nominasjon. Alle trudde at "Avatar" (du veit, den filmen der alle dei blå skapningane springe rundt) sko bli den store vinnaren. Regissøren James Cameron har tidlegare regissert "Titanic", og var nominert i klassen beste regi. Hans ekskone, Kathryn Bigelow, regisserte ein lavbudsjettsfilm som heiter "The Hurt Locker" og sistnevnte og "Avatar" var nominert i dei to gjevaste kategoriane 'Beste film' og 'Beste regi'. "The Hurt Locker" stakk av med begge prisane, og Kathryn Bigelow vart historiske for å vera den første kvinnelege regissøren som vant Oscar!!! Eg ville gjerne at Christopher Plummer sko vinna birollepris, men det slo feil (gjekk forøvrig til Christoph Waltz) og at Anna Kendrick sko vinna birollepris (men den gjekk til Mo'Nique).

Alt i alt syns eg det var eit strålande show, og det er absolutt ikkje det sama å sjå eit redigert opptak ei vega seinare, for då har du allereie fått med deg kven som vant og tapte, kven som hadde den finaste kjolen osv. Som tidlegare år var det hyllest til dei som har gått bort i året som har gått, der vart blant andre Michael Jackson, Natasha Richardson, Brittany Murphy, Patrick Swayze og ein del andre tatt med. Eg går ikkje rundt å huske på alle avdøde stjerner, men idag i VG stod det at Farrah Fawcett var utelatt frå denne hyllesten, og det skal jo ikkje skje. Regissøren John Hughes fekk si eiga hyllest. Han døydde 59 år gammal i fjor, og stjerner frå hans filmer kom på scenen og fortalte om deira forhold til regissøren. Hughes har regissert filmer som "The Breakfast Club", "Sixteen Candles", "Ferris Bueller's Day Off" og "Home Alone."

Håper du likte Oscar-utdelinga og er fornøgd med prisvinnarane!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar