Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 31. mars 2010

Påske = krim

Eg har alltid høyrt det at i påska då les ein krim! På fjernsynet rullar påskekrimmen kvar kveld, og nordmenn kan simpelthen ikkje få nok! I år satse NRK friskt, med nye serier og karakterer. Vekk er Hercule Poirot og DCS Christopher Foyle, men Miss Jane Marple dukke opp på søndag. I plassen for desse har nye miniserier frå Storbritannia inntoke NRK. Mandag og tirsdag viste de "Collision", idag skal de visa "Whitechapel", og torsdag, fredag og lørdag komme Adam Dalgliesh i to serier: "Death in Holy Orders" og "The Murder Room." Eg har aldri vore nogen stor fan av Adam Dalgliesh (karakteren er utvikla av krimdronninga P.D. James) fordi i motsetning til Agatha Christie (som har skreve Poirot og Marple) tar det år og dag før nogen faktisk dør! Og døden er eit viktig element i påskekrimmen! Idag hadde eg store planer om å få med meg "Whitechapel", men si me skal til farmor og farfar så får eg sjå det på nett-TV. Einaste årsaken til at eg vil sjå "Whitechapel" er pga deilige Rupert Penry-Jones:p Eg kan fint sitta og glo på han i nogen timar:p

Men så var det bøkene! Eg har lest fullt av anbefalinger på den beste påskekrimmen, men si eg har mine egne leselister så velge eg ut frå dei. Akkurat nå lese eg den siste Twilight-boka, og om det kan kallas krim er ikkje godt å seia. Det er ihvertfall ulideleg spennande:) Men innimjødlå så går det litt krim, og då har eg valgt Camilla Läckbergs "Predikanten" og Jo Nesbøs "Kakerlakkene."

Ha ein spennande påske!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar