Søk i denne bloggen

tirsdag 6. april 2010

Finito!

I går kveld vart Twilight-sagaen avslutta i bokform! Dei siste linjene vart lest i "Ved daggry" og det er litt trist. Når det faktisk står SLUTT etter siste linje, så får du ihvertfall ikkje håp om fleire bøker om Edward, Bella, Renesmee og alle dei andre i Twilight-sagaen. Trur der er snakk om ei leksikon-liknande bok om Twilight-sagaen og du har denne boka som eg har omtalt tiligare, men ikkje noko som vitner om ein fortsettelse på dei allerede 4 bøkene. Men! Er det ikkje litt herlig og? Stephenie Meyer kunne sikkert fortsatt å skreve om livet til Renesmee; om Jacob og Renesmee blir eit par, eller om han må kjempa med Nahuel om Renesmees gunst; klarer dei fredelege vampyrane å styrta Volturiane; osv osv, men det er litt greit at der fins forfattarar som faktisk greier å slutta ein serie av, og skapa ein hederlige slutt på det heila:) Eg har fått heim "New Moon" på dvd, og glede meg stort til dei to siste kjeme på lerretet. Så medan eg ventar på det, så har eg alltids andre bøker og karakterer å forelska meg i:p
XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg likte de tre første bøkene men Breaking Dawn syntes jeg dessverre var en stor skuffelse :(

    SvarSlett
  2. Eg satt som på nåler når eg leste "Eclipse"-slutten, men "Breaking Dawn" var veldig kjedelig. Slutten skumma eg forbi, trur eg:/

    SvarSlett