Søk i denne bloggen

mandag 24. mai 2010

Boksal

19. - 23. april var det boksal på biblioteket! Vanlegvis så er boksal som ein magnet på meg, og under mammutsal og opningssal og diverse bør eg bare halda meg langt unna. Eg var ikkje så veldig bekymra med tanke på dette salet, fordi det inneber som regel bøker som biblioteket ikkje lenger vil ha, og det er som regel ikkje bøker som eg vil ha. Si eg likevel måtte innom for å levere og hente bøker/diverse (måtte jo ha ein unnskyldning) så havna eg på dette boksalet. Men eg hadde rett! Haugevis med gamle og kasserte bøker som eg hadde lite eller ingen interesse av! Men...med litt nærmere ettersyn fant eg 5 bøker eg ville ha:p

"Døden på Reeperbahn og andre skandaler i de nordiske KONGEHUS" av Øystein Sørensen er ei samling av skandaler som er skjedd i livene til ei rekke nordiske konger i perioden 1750-1850. For meg så er denne uhyre interessant, fordi det er jo ikkje bare idyll og lange middager som har prega kongehusa dei siste x antal åra:)

Sidan Niamh Cusack spelte Beatrix Potter i barne-tv-serien "The World of Peter Rabbit and Friends" (1992-1995) har dei små historiane til Beatrix Potter fascinert meg, og då spesielt historiane om Peter Rabbit. Då 4 små bøker låg til sals, måtte eg jo bare ha dei med meg. "Skredderen frå Gloucester", "Eventyret om Fru Tinkel-Vinkel", "Eventyret om Jeremias Fisker" og "Eventyret om Jon Bymus" er eit must-have for meg:p Viss du er interessert i historien til Beatrix Potter, så anbefale eg filmen "Miss Potter" med Renée Zellweger i tittelrolla:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar