Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 29. mai 2010

Ei stjerne er død

27. mars skreiv eg at Dennis Hopper hadde fått ei stjerna på Hollywood Walk of Fame. Hopper har hatt prostatakreft og saman med ein bitter skilsmisse var nok ikkje livet heilt enkelt. I dag skriver VG at Hopper er død:( Jon Selås skriver at ein av Hollywoods største originaler er borte.

Dennis Hopper vart fødd 17. mai 1936 i Dodge City, Kansas og døydde 29. mai 2010 i Venice Beach, California. Han har vore ein del av filmindustrien sidan 1954 (!) og har blant aent spelt i 2 filmer med James Dean, blitt nominert til Oscar to gonger (i 1970 og 1987) og jobba heilt til det siste i tv-serien "Crash". Dennis Hopper har vore gift 5 ganger og etterlater seg 5 barn. Den einaste av fruene hans eg veit nokonlunde kven er, er den amerikanske skuespillerinna Katherine LaNasa, som har spelt i fleire episoder av "Judging Amy".

Eg trur ikkje eg har sitt ein einaste film med Dennis Hopper, men viss du har forslag til film med Dennis Hopper eg bør sjå, så skrik ut! (eventuelt kommenter!)

XOXO

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  2. Du kødder, har du ikke sett denne scenen : http://www.youtube.com/watch?v=YU9OrGbbYnY

    SvarSlett
  3. Hehe, eg har sett den nå:p

    SvarSlett