Søk i denne bloggen

lørdag 15. mai 2010

Serie: The Inspector Lynley Mysteries

Eg er ingen stor fan av den britiske Nathaniel Parker, rett og slett fordi han spelte totalt dust i Charles Dickens' "Bleak House" (2005). Men, så bestemte eg meg for å gje D.I. Lynley ein sjanse. Eg har nå sett 23 episoder (fordelt øve nogen veker; lånte det på biblioteket) og eg veit framleis ikkje om eg like serien eller mannen. Thomas Lynley er den 8. jarlen av Asherton, og av enkelte ikkje så veldig godt likt, fordi dei kan rett og slett ikkje forstå kva han gjer i politiet. I ein av dei første episodane får han ein partner i Barbara Havers. Ho er ei lita dame med bein i nesa, kjeme frå arbeiderklassen og Lynley er omtrent den einaste ho ikkje har irritert. På ein måte blir ho partnaren til Lynley fordi han er den einaste som kan takle na:p Det går litt trått i starten, men etterkvart blir dei gode venner og vel forlikte:) Sakene er vel verdt å sjå, og eg hadde eit lite håp om at Havers sko finna kjærleiken, men 23 episodar seinare: Absolutt ingenting!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar