Søk i denne bloggen

onsdag 16. juni 2010

Bok: "Eg kjem med toget"

Det går fort å lesa 107 sider når sidene ikkje akkurat er tettskrevne. Ingrid Zakariassen Aanestads andre bok "Eg kjem med toget" er ikkje noko betre enn debutboka, men igjen er eg imponert over språket.

Boka handlar om "eg-personen" som reiser med tog på besøk til venninna si, Eli. Eli jobbar på ein skule, og er vekke store deler av dagen så "eg" har mykje aleinetid. Seinare i boka kjem Eli ut for ei ulukke, og nå er det ganske praktisk at ho har besøk. Det vrimlar ikkje akkurat av naboar der Eli bur. Det er ikkje noko defintivt tidsperspektiv, men tida går likevel framover. Eg merker at eg har problem med å lesa i "eg-perspektiv", for eg er for nysgjerrig og vil gjerne vita namnet på personen. Den sluttar litt brått, og eg kunne godt hatt litt fleire sider:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar