Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 16. juni 2010

Bok: "I dag er ein fin dag"

Eg har lenge hatt bøkene til Ingrid Zakariassen Aanestad på huskelista. Ikkje fordi eg har høyrt at bøkene er spesielt bra, men fordi forfattaren er frå min heimkommune. Debutboka "I dag er ein fin dag" er ikkje spesielt spennande. Historien om Maria, skrevet i referatform, som har ei venninne, ein nesten-kjærast, drikker meir te på ein dag enn eg gjer på ei veke, går bare i svarte klede og studerer kunst var eigentleg litt kjedeleg. Maria minner meg om Camille i Anna Gavaldas "Saman er ein mindre aleine", men på same tid så veit eg ikkje kven av dei som er mest einsam. Men! Språket er fantastisk. Boka er skrevet på nynorsk; eg er stor fan av nynorsk, men var faktisk ikkje klar over språkformen. Les boka, om ikkje for historien, så for rytmen og skjønnheten i språket:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar