Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 29. juni 2010

Gode bøker frå A til Å

Ann Helen har gjort det, og Beate har gjort det! Dei har lagt ei liste over sine favorittbøker frå A til Å, og som den gode bokbloggeren og lesehesten eg er, så vil eg og:)

A: A Walk to Remember - Nicholas Sparks. Klassisk historie om tapt kjærleik, men denne er annleis fordi dei fekk jo faktisk kvarandre, med den ungdomskjærleiken det inneber. Må jo og nemna at Shane West er ikkje verst i filmatiseringa.
B: Bienes hemmelige liv - Sue Monk Kidd. Dette er boka eg ikkje klarte å legga frå meg. Leste overalt: på bussen, på do, ved frokosten, i senga, foran fjernsynet. Do I need to say more?
C: Coming Home - Rosamunde Pilcher. Dette var Pilcher-debuten min, og den var flott. Judith som blir sendt på internatskule, finner ei ny venninne, mor og lillesøster reiser til Østen, og ein heil del andre ting som krigen har litt skuld i. Og finner Judith veien heim? Sjølvsagt:)
D: Den lange veien hjem - Luanne Rice. Eit tvillingpar veks opp i fjellene i Wyoming. Tre år gammal forsvinn den eine i fjella, og ekteskapet havarerer. Tretten år seinare er den andre tvillingen gravid, og på vei heim til faren, der mora venter. Kjem ho heim etter farlige situasjoner og onde mennesker på veien?
E: Evighetens kyss - Stephenie Meyer. Den første Twilight-boka var ein braksuksess, og "alle" har ei meining om Twilight. I don't have to say more:)
F: Formørkelsen - Stephenie Meyer. Etter mi meining den beste Twilight-boka. Satt som på nåler dei siste kapitla!
G: Har vridd hjernen, men ingenting kom opp:/
H: Havfruen - Camilla Läckberg. Har lest alle bøkene om Patrick og Erica, men nr 6 i serien, er så langt den beste.
I: Idas dans - Gunnhild Corwin. 18 år, ballettdanser, lillesøster, kommende tante, svigerinne, kjæreste - og plutselig dødssyk. Mor Gunnhild har skrevet ei nydelig bok om samhold, kjærlighet, familie, kreft og om mange kamper. Har lest den to gonger, og strigråt begge gongene.
J: Jane Eyre - Charlotte Brontë. Kan denne historien ut og inn, og har lest den på engelsk, og har høyrt den delvis på lydbok, men openbaringa kom med BBC-serien frå 2006.
K: Kjære John - Nicholas Sparks. 14 dager på å bli kjent, forelska også reiser John tilbake til krigen. Brevkskrivinga går som varmt hvetebrød, men er det nok? Kom nyleg ut på norske kinoer, men les boka først!
L: Legenden om Narnia - C.S. Lewis. Har kun lest dei 4 første bøkene, men vart hekrta når BBC- serien kom til Noreg. Idag er det dei nye filmane som er topp, og må nok lese "Voyage of Dawn Treader" før den kjem på kino:)
M: Magic Hour - Kristin Hannah. Ei ulvejente dukker opp i Rain Valley, Washington. Kor kjem ho frå, kva er hennar historie, og korleis skal dei få greie på det? Julia Cates tar på seg jobben, men avsløringene er meir skremmande enn du kan tenka deg.
N: Nemi - Lise Myhre. Tel teikneserier som bok? Nemi er ihvertfall sjef, ironisk, litt rar, men god på botnen.
O: Overtalelse - Jane Austen. Aldri ei bokliste utan Jane Austen, og dette er min favoritt:)
P: Pippi Langstrømpe - Astrid Lindgren. Verdas sterkeste jente, med sjøkapteinfaren og himmelmora. Herlig lesing, som det går an å lese om att og om att.
Q: Ingen bøker.
R: Ro uten årer - Ulla-Carin Lindquist. Gripande historie om tv-journalisten, mora, kjærasten, kona og venninna som plutselig fekk ein lammande og dødelig sjukdom.
S: Siste dans for Matilda - Tamara McKinley. Debutboka til den australske forfattaren og årsaka til at eg les australske forfattarar. Gripande familiehistorie som hopper fram og tilbake mellom generasjonane, og som til slutt kjem saman om det som er deira.
T: Den trettende fortellingen - Diane Setterfield. "Jeg vedder på at Jane Austen snur seg i graven av ren misunnelse fordi hun ikke selv fikk skrevet denne romanen!" (Anne B. Ragde) Enough said?
U: Under the Greenwood Tree - Thomas Hardy. Kjærleikshistorie om den familien ikkje vil ha, men som du er desperat etter å få.
V: The Vanishing Act of Esme Lennox - Maggie O'Farrell. Ikkje den beste boka eg har lest, men den bringer spørsmål på bane som det er verdt å tenke på. Var dei verkeleg så galne at dei måtte på asyl før i tida?
W: Winter Solstice - Rosamunde Pilcher. Ein familie går frå kvarandre pga ei ulukke, og plutselig tilbringer fleire menneske (som ikkje kjenner kvarandre så godt) julen saman i eit falleferdig hus langt nord i UK.
X: Niks!
Y: Yrke: Prinsesse - Catarina Hurtig. Kongelige har mykje slektskap seg innad. Eg er ikkje alltid enig med det Hurtig skriver, men det er interessant å lesa om prinsessene frå eit anna ståsted.
Z: Niks!
Æ: Niks!
Ø: Øya - Victoria Hislop. Debutboka, og ei flott bok om korleis ein sjukdom kan splitte ein familie.
Å: Åndenes hus - Isabel Allende. Flott historie, sjølv om boka var litt...vel...ekkel!

XOXO

1 kommentar:

  1. Bienes hemmelige liv er neste på min leseliste! Håper jeg ikke klarer å legge den fra meg heller:)

    SvarSlett