Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 15. juni 2010

Nye bøker

Var innom på biblioteket idag og leverte frå meg krimbøkene! Som eg skreiv tidligare har eg behov for eit sjangerskifte. Merice Briffas "Mine drømmers land" har lenge låge på reserveringslista, og nå hadde den endelig kome. Mor mi har lenge lurt på, på ein humoristisk måte, om det ikkje fins tynne bøker på biblioteket:p Idag fant eg to tynne bøker i hylla på biblioteket, og gjekk bort til skranken. Viste fram kortet mitt og dama fant Briffa-boka til meg. Sjølvsagt var den galtjukke!!! Hihi:) Leverte og tilbake "Avatar." Såg slutten igår, etter at eg måtte gje tapt for søvnen på lørdagskvelden, og eg er ikkje heilt sikker på kva eg syns. Skodespelarane var flotte, landskapet var nydeleg, men eg veit ikkje om eg liker ein framtidskrig mellom menneske og "blå folk" :p Nå tråkker eg sikkert på manges tær, men alle kan ikkje ha same filmsmak:)

I desse VM-tider, som eg fylgje med på med halvt auga og glede meg til Englands kamper, er det ikkje overflod av bra ting å sjå på fjernsynet. Eg har framleis sesong 3 og 4 av "Bones" å sjå på, men i kveld trur eg at eg skal synka ner i stolen og sjå "Fame." Fekk an i posten idag, og eg liker veldig godt nyinnspelingar. Filmen frå 1980 er litt for gammaldags for meg:p Ha ein fin kveld!!!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar