Søk i denne bloggen

fredag 30. juli 2010

Agurknytt

Sommeren er sesong for agurknytt. Agurknytt blir definert som nyheter som egentlig ikkje er så viktige, men som alikevel tar opp stor plass i media. Eit døme på agurknytt er når ei avis bruker heile førstesida på å fortelje at godveret er på veg:-P

Men, det er ikkje godveret eg vil fortelje om. Idag melder VG at vårt kongepar reiste under falske pass då dei reiste på bryllaupsreise i 1968. Dagbladet har visst fått tilgang til dokumenter frå det amerikanske utanriksdepartementet, og poenget med dei falske passa var å unngå pressen. As we speak kronprinsesse Victoria og Daniel Westling er på bryllaupsreise, og det tok si tid før pressen fant ut kor dei var; kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit reiste til New York ad omvegar. Det eg lure på er kvifor kan ikkje pressen la dei vera i fred? Sannsynligvis så har desse para, og fleire andre med dei, hatt eit stort offentleg bryllaup. Pressen har fått tilgang til det meste, alt frå brudekjole og bryllaupskake til gjester, mat, forlovere, brudebarn og diverse.

Hadde eg vore så offentleg hadde eg og kanskje tydd til falsk pass. Vår egen kong Olav brukte blant anna eit anna namn då han reiste til Sverige for å fri til prinsesse Märtha, og ifølge artikkelen i VG var det visst han som foreslo denne reisemåten:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar