Søk i denne bloggen

tirsdag 27. juli 2010

Bokmetta?

Har du lagt merke til at når du har lest fullt av bøker i ein periode, så blir du på ein måte litt metta? Sist veke leste eg maaange bøker. Karen Kingsbury sine bøker er lette å komma gjennom, så det vart ein del til slutt. I går var eg på biblioteket og leverte bøker, og lånte nokon nye, men det vart på langt nær like mange som tidlegare. Idag skal eg høyra ferdig Arto Paasilinnas "Harens år". Eg har aldri vore borti han før, men Ann Helen har. Kjenne at eg glede meg til å lesa/høyra fleire bøker av han:) Til mandag er det jobb igjen, og det skal bli herligt å sjå alle ungane mine igjen. Eg er ikkje heilt klar for haustregnet, men satser på at det blir fint vér i august og september og:) Trur eg skal ta det litt roligare med boklesing framover, kanskje litt greit at ferien snart er over:-P

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar