Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 17. juli 2010

Serie: "Mad Men" in general

"Mad Men" er ein serie om reklamefolk i 60-åra. Dei røyker overalt, drikker på kontoret og elles overalt, køyrer avgårde med alkohol innabords og ligger med sekretæren. Det er ein prisbelønna serie som blant anna har vunne Emmy-priser og Golden Globe-priser. Serien har lenge stått på huskelista hjå Platekompaniet, men eg har bare latt dei stå. Eg lånte sesong 1 på biblioteket, og har sett 2 av 4 disker, men eg kjenne at eg trenge ikkje sjå meir. Eg eige ikkje interesse for det!!! Eg kan sitta klistra til skjermen når "One Tree Hill" ruller over; eg har for ikkje så lenge si sett 4 sesonger av "Bones" og galkose meg; "CSI: N.Y." er magisk og spennande, men "Mad Men" har ikkje den same effekten på meg. Er det fordi er det er nytt og ukjent? Er det fordi det har blitt rost opp i skyene? Eller kan det simpelthen vera fordi det føregår i ei tid eg har svært lite kjennskap til? Sesongen skal leveras fint tilbake til biblioteket, sesong 2 og 3 skal slettas frå reservingsliste, og eg skal forflytta meg til andre ting som ruller over skjermen, alternativene er aldri få:p

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar