Søk i denne bloggen

søndag 25. juli 2010

Serie: "The O.C." - season 1

Sendetid i USA: 05. august-2003 - 05. mai-2004

I staten California ligge det ein liten kystby som heiter Orange County (og den fins faktisk!). Her regjere penger og status, medan det står litt verre til med Chino (som faktisk og fins!). Sandy Cohen jobbe som advokat, og blir ofte satt opp som advokat til folk som ikkje har råd til advokat. Slik kjem han i kontakt med Ryan Atwood, som etter å ha stjåle og krasja ein bil, ende opp i ungdomsfengsel. Han får Ryan ut, køyrer han heim, bare for å finna ut at mora til Ryan har forlatt huset. Sandy tar då med seg Ryan heim til Orange County. Det faller ikkje akkurat i god jord hjå fruen i huset, Kirsten. Ho er dattera til Caleb Nichol, som eige store deler av Orange County. Men kva skjer når tøffe og eg-kan-ta-vare-på-meg-sjølv-Ryan møter ensomme og tv-spillende Seth Cohen? Begge to får livet sitt forandra. The O.C. blir aldri det sama itte at Ryan Atwood inntar byen:)

"The O.C." består av 4 sesonger (2003-2007) og har lenge vore på ønskelista. Eg burde seriøst seia opp alle abonnement som sende mail frå cdon.com. Den var nemlig på tilbud, heile boksen med 4 sesonger! Eg bestilte ganske kjapt ja! Eg har sett deler av serien før, då den gjekk på TV3, og har sett mange videoer på YouTube. Nå har eg sett første sesong, og eg innser at det er mykje eg ikkje har fått med meg:) Det første som slo meg var at her er eg tilbake til "One Tree Hill" - season 1, 2 AND 3! Litt mykje high school drama ei stund. Men ein aen ting som slo meg at her er det 4 personer, Seth, Ryan, Summer og Marissa, og uansett kor gal verden er, så he dei kvarandre! Det er spesielt ein scene i episoden der Seth og Summer bestemme seg for å fiksa opp rommet til Marissa. Slutten på den er heilt nydelig!!!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar