Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 4. juli 2010

Test din leserpersonlighet

På bloggen til Stine fant eg ein link til ein anna blogg: Bibliotek og labyrinter. Bloggen "Bibliotek og labyrinter" har satt samen eit sett med 11 spørsmål som skal teste din leserpersonlighet. Det er ingen fasit eller tolkning av spørsmåla, men det er interessant å fundera over:)

1. Leser du rutinemessig bøker om igjen?
Eg ser ingen grunn til å lesa bøker eg ikkje liker, om igjen. Bøker som eg likte godt kan eg lesa om igjen, men då må det vera ei stund si sist eg leste den.

2. Er du opptatt av å holde bøkene dine pene?
Når eg var yngre ville eg nesten ikkje låna ut bøkene mine, for eg var så redd for dei. Nå låne eg mykje bøker på biblioteket, og då er det viktig for meg at eg behandle dei fint. Eg liker godt at bøkene mine ser fine ut, men dei treng ikkje sjå uleste ut.

3. Har du lister av bøker du planlegger å lese?
Å, eg har mange. Liste på bokelskere.no, forfatterlister, boklister, stadig ny inspirasjon i bokhandel eller på bibliotek. Eg er ein liste-person:)

4. Hvordan velger du ut hvilke bøker du leser?
Eg liker å lese alle bøkene av same forfatter (helst kronologisk). Blir det for mykje av same forfatter, så bytte eg simpelthen bare til ein anna.

5. Finnes det bøker du aldri ville nedverdiget deg til å lese grunnet omtale?
Eg vil sei at eg lese alt mulig, men det er nok bøker som ikkje ser innbydande ut og som eg går forbi. Eg er nok meir opptatt av forfattaren enn bøkene, så kanskje eg går glipp av skatter pga det. Eg liker godt biografier, men eg trur (kan aldri si aldri) at eg aldri kjeme til å lesa "Min kamp" fordi det blir for intimt og nært for ein biografisk skildring.

6. Leser du alltid ferdig en bok hvis du ikke liker den?
Det kjeme an på boka, motivasjonen, sidetal. Eg har bytta frå bok til lydbok fordi eg aldri vart ferdig, og eg er nok mange gonger for nysgjerrig til å ikkje lesa ferdig. Eg har mine avbrutte bøker, men dei eg har nå har eg satt på vent, også kan eg gå tilbake til dei seinare (har ihvertfall eit håp om det).

7. Hvor mye leser du hver dag?
Kjeme an på dagsform og bok, men bøker med enkelt språk og handling kan gå på ein dag. Tyngre bøker (som eg ikkje kan ta med meg overalt) tar ei vekes tid. Leser nok ca 2 timer til dagen.

8. Tenker du noen gang på at du burde skjerpe hva eller hvordan du leser, på samme måte som du tenker at du burde spise sunnere eller trene mer?
Eg ønsker at eg leste fleire klassikere; slike bøker som alle har lest. Samtidig så er det litt kjedelig viss alle har lest dei same bøkene. Eg er lite flink til å analysere og tolke det eg leser, blir mykje hurtiglesing, dessverre:p

9. Språk eller handling, eller er dette et absurd spørsmål? Tenk fort.
Handling.

10. Regner du mer enn 60% av din lesertid som avslapping?
All lesing er som regel avslapping. Eg har begynt å høyra lydbok når eg sitte ved pc-en, og det er ikkje alltid det blir så avslappande.

11. Er litteratur hovedsaklig underholdning, dannelse eller flukt?
Kombinasjon av alle tre.

12. Har du noen gang likt en bok og nektet å innrømme det av kulturstatusårsaker?
Eg har lest (og eiger) Synnøve Eriksens "Bergfoss"-serie, og på vgs var det ca 1 ny bok i månaden. Etter at eg fekk litt kritikk av samfunnslæreren så var det ikkje mange gonger eg leste dei openlyst i nærleiken av han. Som regel bryr eg meg ikkje noko særleg om kva andre syns.

Svar på spørsmåla du og, and let me know your answers:)

XOXO

1 kommentar:

  1. http://askeladden-askeladden.blogspot.com/2010/07/bloggeren-bibliotek-labyrinter-har-en.html

    SvarSlett