Søk i denne bloggen

onsdag 18. august 2010

Bøker for yngre sjeler


Det blir lite boklesing etter at jobben, sykkelturane og middagen har krevd sitt. Mitt mål om å lese 3 Karen Kingsbury-bøker denne veka, og dermed avslutte Baxter-sagaen ser ut til å gå ut i intet, men slik er det bare. Det som eg derimot leser masse av, er barnebøker! Og gjerne den same dag etter dag. Trur eg må ta med meg ungane og gå på jakt på biblioteket i barnehagen, men så skal me til biblioteket i kommunen og av og til, så det blir nytt lesestoff.

"Kaptein Sabeltann" har feira 20-årsjubileum og vel så det, men får stadig nye tilhengere. Eg er så glad for at eg kan historien så godt som eg kan, fordi det kan bli litt vel mye tekst av og til for aktive 2-åringer:) Egil Nyhus har teikna i denne boka, og eg er så imponert over 2-åringen som finner Kaptein Sabeltann i sjølv den mørkaste nyanse av skygge. Det viser at Nyhus er awesome!!! Bøkene om redningsbåten "Elias" er og populære i barnegruppa. Me har boka som heiter "Tråle i trøbbel" og det er stadig nye ting å oppdage. Kari Grossmann har lagt barnebøker i ei årrekke, og eg har sjølv fleire i mi eiga barnebokhylle. "Telleboka mi" er populær, og sjølv oppdaga eg at det fins ein rød og kvitprikkete ball som fylgjer med på alle bildene. Det klarte 2-åringen å sjå før eg fant den:-P

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar