Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 15. august 2010

Nytt i Disney-hylla (3)

Ein av mine absolutte favoritter av Disney-klassikerne er "The Lion King". Løveungen Simba må rømme frå familien etter at han blir beskyldt for å ha drept faren, treffer marekatten Timon og vortesvinet Pumbaa, og drar til slutt tilbake til Løveklippen for å utfordre onkel Scar. Også den herlige musikken! Filmen har ikkje vore tilgjengelig, men igår på GameStop sa det pang, og plutselig var eg den lukkelege eigar av klassiker nr. 32:-D Då denne filmen kom på kino, 2. juledag i 1994, var eg og syster mi i kinosalen. Årsaken var at syskenbarnet mitt og kjærasten gjerne ville sjå denne filmen, men syns det var litt flaut å gå å sjå ein barnafilm, så då vart me invitert med:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar