Søk i denne bloggen

torsdag 30. september 2010

Bok: "Atter en konge"

Det har vore ei strabasiøs ferd, men så var eventyret om Frodo, Sam, Pippin og Munti og resten av brorskapet over! Litt trist, men fytti for ein fantastisk forfatter. Tolkien er jo bare heilt magisk, og fleire bøker av denne mannen skal lånas og lesas/høyras:) Men du? Som den romantikeren eg er, så har eg ein tendens til å hoppa/spola over Frodo/Sam-scenane i Peter Jacksons filmatisering (og eg har sett filmane ein del gonger). Eg vil helst sjå scenane mellom Arwen og Aragorn, eller scenane dei har kvar for seg, men som alikevel handler om dei to. I boka var det jo ingenting av det som eg helst ville hatt. Er det nokon andre som har det slik?

Men, boka i seg sjølv er flott, og eg er glad eg endelig har lest (eller strengt tatt høyrt) bøkene om Ringenes Herre. Slutten var grådig lang, dei 3 siste cd-ane må eg ærlig talt innrømme eg ikkje fulgte så jyselig godt med på, det tok jo aldri slutt. Men det var veldig interessant å få meir innsyn i forholdet mellom Faramir og Eowyn. Har alltid lurt litt på dei to etter den scenen der Aragorn blir konge i filmen;)

Håper du ein dag finner inspirasjon til å lese/høyre "Ringenes Herre". Og sjølvsagt ein heil haug andre bøker:) Viss du har eit tips til ei flott Tolkien-bok, skrik ut!
XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar