Søk i denne bloggen

lørdag 20. november 2010

Bok: "Stormkyss"

Eg er ikkje større fan av Ingrid Z. Aanestads bøker i kveld, enn eg var i juni då eg leste dei to forrige bøkene hennar. Eg les simpelthen bøkene pga språket. Det er ei rytme i det, ein tristhet som du ikkje finn i svært mange andre bøker. Og sjølvsagt, pga at Aanestad skriv på nynorsk! Det er mange som stønner bare ordet blir nemnt, men eg har alltid skreve på nynorsk, og er godt komfortabel med det:)

Baksidetekst: Stormkyss er ein roman om Selma og kvinnene som omgir henne; Vilde, Ane som flyttar inn i huset deira, mora som bur ei togreise vekk, og bestemora på sjukeheimen. Ein dag blir bestemora alvorleg sjuk, like etterpå forsvinn mora. Selma reiser for å leita etter henne, og medan ho er i det tomme huset hennar, låser ei ukjend kvinne seg inn. Aanestad viser eit spekter av mekanismer desse kvinnene imellom, eit nett av medvitne og umedvitne val. Det handlar om mødre og døtre, kjærleik og oppbrot, om å dra eller bli verande.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar