Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 19. november 2010

"Harry Potter" på søndag!

Søndag ettermiddag skal bli fyllt med "Harry Potter and the Deathly Hallows!" Kvart over to på Sandnes er eg klar for å bli swept away. Med nattens midnattsvisning har eg allereie lest om filmen på ein blogg som heiter Seriefreak, og eg har ikkje akkurat mindre lyst til å sjå den!!! Målet mitt om å høyre alle Potter-bøkene før eg såg film 7 gjekk i vasken, men nå er eg godt i gang med bok 2 (og bok 3 og 4 ligger klar). "Det gylne kompasset" ligger fint og venter (har 3 cder igjen av 12), men fytti så mykje fortare det går med høyringa når du koser deg med boka. Er ikkje heilt sikker på om "Den mørke materien"-serien til Philip Pullman er for meg, men prøver igjen etter litt Harry Potter:)

Idag har eg hatt baken plassert på ein stol det meste av dagen, og kjenne at det er ikkje noko eg er vant med:( Dessuten var det rett før ryggen gjekk av i to, så det var herlig å koma heim til ein meir komfortabel stol og ein lang tur med hunden. Ingenting som frisker opp hjernen meir enn ein tur ut med hund og musikk på øyrene:)

Rick Riordans "Monsterhavet" ligger og venter på meg (meir Percy Jackson!), men Charlaine Harris vampyrbøker er meir spennande, og eg er nesten ferdig med den første:)

I morgen skal eg og mor koka smultringer, første teikn på at det snart er jul!!! Så får me sjå om det blir mykje smultringeting dette året;) I fjor vart det nesten ingenting:-O

Ha ein fin kveld! Beat for beat, Senkveld og vampyrer (eller trollmenn) skal fylla kvelden min:)

XOXO

PS. Og forresten, "Sex and the City"-serien vart sendt tilbake på mandag...så veit dokke det! DS.

2 kommentarer:

  1. Phillip Pullman sin serie er utrolig bra.. Men jeg leste hele greia på en ukes tid da, så levde meg veldig inn i alt sammen, blir kanskje ikke det samme når du ikke gjør det..!? hmm..

    SvarSlett
  2. Eg blir ikkje heilt klok på den boka eg held på med. Eg høyrer den på lydbok, men på same tid leste eg første boka i Percy Jackson-serien, og av ein eller anna grunn dreiv eg og blanda saman dei to bøkene, så det vart bare rot! Skal absloutt prøve igjen, liker ikkje å slutte midt i:) Ha ein fin kveld!

    SvarSlett