Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 5. november 2010

Nye utgivelser

For dykk som har fulgt med så leste eg Sophie Kinsellas "Shopoholiker"-bøker i sommar. Eg leste dei med blanda følelser, og det var ikkje alle eg likte like godt. På wikipedia har det lenge stått at den 6. boka heiter "Mini Shopaholic" og kom ut i 2010. Eg leste og på ein blogg som blir skrevet av bibliotekara i Rogaland (huske ikkje adressen akkurat nå), og der og nemnte dei denne boka. Eg har venta på norsk utgivelse, og idag klikka eg meg inn på haugenbok.no og fant boka på ' Kommende bøker'. Det tar si tid før den kjem ut, men eg satse på at den er ein del av min sommerlektyre neste sommar. Boka kjem på norsk 16. mai neste år, og håper at biblioteket vil bestille den med ei gong!

Merice Briffa er eit relativt nytt namn på forfatterfronten, og eg finne ikkje informasjon om ho på nettet. Men! Bøkene er fantastiske. Dama har lagt eit univers av personer, familieforhold, kjærleiksforhold, kriminalitet and it goes on, and on. Eg var ikkje overbegeistra då eg lånte den første boka på biblioteket, men då eg fekk "Mine drømmers land" i pocket, var eg hekta frå første stund. Det tok ikkje lang tid å få lånt den andre på biblioteket, og den vart lest ut på halvaen dag! På 'Kommende bøker'-lista til haugenbok.no har den tredje boka i trilogien til Briffa lenge låge, men med engelsk tittel. Idag låg den inne med norsk tittel, sjølv om det ikkje er altfor vanskelig å oversette den engelske tittelen "The River Maid". Boka blir altså kallt "Elvens datter" på norsk, og kjem ut 1. april (så sant det ikkje er ein aprilspøk;) Eg satser på at biblioteket bestiller denne og med det same:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar