Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 9. november 2010

Nytt i Disney-hylla (6)

Nr 4 i rekka av Disney-klassikere er ein film eg har sett maaange gonger. For nogen år si så kjente eg ein liten gutt som likte godt denne filmen, og er det noko eg liker så er det å ha unger på fanget, og slik såg me film. Det er historien om den vesle elefanten Dumbo og hans kamp for å bli akseptert for den han er, på eit sirkus der misnøyen rår når det viser seg at Dumbo har litt større øyre enn det som er normalt. Etter at mor, fru Jumbo, blir kasta i fengselsvogna for ho forsvarte ungen sin, blir Dumbo overlatt til klovnene og får ein ny venn i sirkusmusa Timothy. Eg skal vedda på at alle har sett denne filmen og veit korleis det går. Filmen er frå 1941, men hadde premiere i Noreg 2. juledag 1947. Til slutt eit lite sitat:

Through the snow, and sleet, and hail / Through the blizzard, through the gale / Through the wind and through the rain / Over mountain, over plain / Through the blinding lightning flash / And the mighty thunder crash / Ever faithful, ever true / Nothing stops him, he'll get through. (Begynnelsen på filmen der me får sjå ein haug med storker som skal til sirkuset.)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar