Søk i denne bloggen

torsdag 9. desember 2010

Bokbloggturné #1

For eit par veker si fekk eg ei barnebok i posten. I går fekk eg det plutselig for meg at det var eg som skulle skrive idag! I går var det Gina som anmeldte boka og i morgen er det Aud. Ønsker du å vite meir om Bokbloggturnéen klikker du HER, eller sjekker ut Facebook-sida.

Gi gass, Ine er den første boka i ein planlagt serie på 3 som gis ut av Cappelen Damm og skrevet av Tore Renberg. Han er mest kjent for bøkene om Jarle Klepp og påfølgjande filmatiseringar. Øyvind Torseter har illustrert boka i noko som minner om papirdukker og innredninga i Per Puslings hus i Astrid Lindgrens temapark.

Boka er fin, har ein engasjerande historie og er nydeleg å sjå på. Leste på ein anna blogg idag at forlaga har begynt å tenke meir på omslag når dei lager bøker for det sel fleire bøker, og eg kan ikkje anna enn å sei meg einig. Ine og Hasse er søsken, og for barn er det noko kjent. Ine og Hasse møter traktor og dyr i skogen, og kva er vel meir spennande enn det?

Eg falt automatisk for boka, og eg er i tenkeboksen når det gjelder å presentere den for mine 2-åringer (snart 3-åringer). Eg vil uansett anbefale den til alle mine venner som jobber innan same yrke, og håper eg får sjansen til å lese dei påfølgjande bøkene om søskenparet:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar