Søk i denne bloggen

søndag 23. januar 2011

Tronfølgeloven oppe til diskusjon

29. april skal prins William av Storbritannia gifta seg med Catherine Middleton. Allereie nå byrjer britane å glede seg til neste generasjon blir fødd. Det vil igjen utløyse ein ny debatt om tronfølgeloven i øyriket Storbritannia. I artikkelen frå VG står det: Ordningen er gammel, uansett om man mener den er berettiget eller ikke. Den inngår i tronfølgeloven fra 1701, den såkalte Act of Settlement, som først og fremst skulle forhindre at katolikker kom på tronen i det protestantiske England. Med andre ord, menn går framføre kvinner uansett om det er prins eller prinsesse som blir fødd først! Då kong George i 1937 vart konge mot sin vilje, etter at broren kong Edward VIII abdiserte, hadde han to døtre, Elisabeth og Margaret. Eg har ingen anelse om korleis dei gjorde det då, men det er Elisabeth som er dronning i Storbritannia. Kanskje loven vart midlertidig endra? I denne samanheng trur eg det er lurt å ta ein liten leksjon på korleis tronfølgeloven er i andre kongehus:

- Noreg: Tronfølgeloven vart endra til likestilling i 1990, og gjaldt for dei som vart fødde etter 1990. Idag er det kronprins Haakon som er tronfølger, men sidan dei fekk jente før gutt, så er det prinsesse Ingrid Alexandra som blir dronning etter sin far.
- Sverige: Tronfølgeloven vart endra i 1980, noko som førte til at prins Carl Philip vart fødd tronfølger (i 1979), men året etter vart hans storesøster kronprinsesse Victoria tronfølger. Når ho får barn (noko som eg håper skjer ganske snart;) blir barnet tronfølger uansett om det er gutt eller jente som kjem først.
- Danmark: Faren til regjerande dronning Margrethe II fekk kun døtre, og det var kong Frederiks bror som var tronfølger. I 1953 vart loven endra og 13 år gamle Margrethe vart tronfølger. Dronning Margrethe fekk kun søner, Frederik og Joachim, men Frederik har både jenter og gutter. Eg fant ein artikkel frå VG frå 2009 kor det står at tronfølgeloven var endra, noko eg ikkje skjønte noko av, men endringa får først praktisk betydning når/om 5 år gamle prins Christian får ei jente som sin førstefødde.
- Spania: As of today er det prins Felipe som er tronfølger etter sin far, kong Juan Carlos. Hans far igjen var aldri konge sidan General Francisco Franco tok over makten. I 1969 vart Juan Carlos innsatt som tronfølger, og to dager etter Francos død i 1975 vart Juan Carlos konge av Spania. Tronfølgeren, prins Felipe, har to døtre, Leonor og Sofia. Leonor er next-in-line etter sin far og vil antakelig arve tronen. Eg er usikker på korleis tronfølgeloven er i Spania, men den kjem nok til å blusse opp når prins Felipe blir konge.
- Nederland: Sidan 1890 har det vore sterke dronninger i Nederland. Dronning Wilhemina regjerte frå 1890-1948, dronning Juliana frå 1948-1980 og nå er det dronning Beatrix som regjerer. Ettersom Beatrix kun har søstre går eg ut i frå at debatten kom ikkje opp då, dronning Beatrix har kun søner, men tronfølgeren, prins Willem-Alexander har kun døtre. Eg er usikker på korleis tronfølgeloven er i Nederland, men sidan dei ikkje har hatt regjerande konge sidan 1890, så ser eg det ikkje som noko problem at prinsesse Catharina-Amalia blir dronning ein dag.
- Belgia: Kong Leopold vart avsatt av sitt eige folk i 1951 etter at han gifta seg på ny under krigen. Hans dronning, Astrid (fødd prinsesse av Sverige i 1905) var umåteleg populær og sterkt savna då ho døydde i ei ulykke i 1935. Dei hadde då regjert i eitt år! Leopold og Astrid hadde to søner og ei dotter. Dottera, Josephine-Charlotte, var eldst, men eg er usikker på om ho hadde rett på trona. Ho gifta seg forøvrig i 1953 og vart storhertuginne av Luxembourg. Sønene til Leopold har begge vore konge av Belgia. Baudouin overtok trona etter sin far, gifta seg med Fabiola i 1960, men dei fekk aldri barn. Då Baudouin døydde i 1983, vart broren Albert konge av Belgia. Albert har to søner og ei dotter. Idag er det Philippe som er tronfølger, men han har jente som førstefødd. I Belgia vart tronfølgeloven endra i 1991, og den fungerer på same måte som Noregs lov. Med andre ord så er det prinsesse Elisabeth som blir dronning etter sin far.

Viss du framleis heng med, så er eg stolt av deg! Eg er for likestilling i kongehusa, og gler meg over dei som er sikra ei framtid som dronning. Som du ser er det så langt ein gutt i framtida (prins Christian), elles er det bare dronningemner. Det blir spennande å fylgje dei, og eg håper at kronprinsesse Victoria av Sverige kan vera med på å legge ei framtid for dei unge prinsessene. Viss du har spørsmål eller noko er uklart, ikkje nøl med å spørje.

XOXO

3 kommentarer:

  1. Jeg ble stolt av meg selv å. jeg leste faktisk hele innlegget ditt, jeg bruker å synes sånt er kjedelig men akkurat nå synes jeg det var interessant å lese:) Du skriver bra synes jeg;)

    SvarSlett
  2. Takker! Eg syns kongehusa er veldig interessant, og strever litt med å halde meg innafor temaet (som var tronfølgeloven). Eg kunne likegodt ha linka til ulike nettsider om temaet, men eg syns det er meir spennande å skriva sjølv, og veldig mykje av det er tatt ut av mitt eige hode. Kan ganske mykje om temaet:)

    SvarSlett
  3. Det var veldig interresant å lese. Eg kan berre med kongane i Noreg, men ikkje i andre land.

    SvarSlett