Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 17. mars 2011

Award: Sweet blog

Stine, som skriver bloggen Bokorm, har gitt meg ein Sweet blog award. Tusen takk! Den går ut på å skrive om tre søte ting som har skjedd i livet mitt, samt å gi den videre.

1. Lillesøstra mi bur i Lyon, Frankrike for øyeblikket, men ho kjem snart heim. I forbindelse med det, så har ho sendt ein del ting heim via post. Eg fekk oppdraget med å pakke ut dei to eskene ho sendte, for det var ingen bursdagsgaver til meg. Eg gjorde så, brev var vedlagt om kva som skulle til kven (mor, far eller lillebrors bursdagsgaver), og visste ikkje før til slutt at eit lite glass som det er bilde av Eiffeltårnet var til meg som takk for strevet! Snille lillesøster:-)

2. For eit par år siden hekla mor ein utrolig fin duk. Eg var litt misunnelig på den som skulle få duken og ga klar beskjed om det til mor. Gjett kva som låg i bursdagspresangen min nokre månader seinare? Ikkje duken mor hadde hekla på, men ein mindre utgave:-)

3. Eg har ei veldig snill mor, og ein dag så klagte eg over at istadenfor å bake kake, kunne ho ikkje bake boller. Så kunne me ha krem på. Nei, ho hadde ikkje gjær heime. Då foreslo eg at ho kunne vel bruke tørrgjær (det bruker eg, så eg visste det fantes i skapet). Enden på visa var at det vart ingen boller den dagen (joda, eg kunne bakt dei sjølv!). Neste dag, då eg kom heim frå seinvakt, hadde snille gode mor kjøpt gjær og bakt boller! :-)

Eg gir den ikkje videre til nokon spesifikke, men link gjerne til bloggen min viss du har lyst å skrive om søte ting i livet ditt

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar