Søk i denne bloggen

lørdag 19. mars 2011

Gift med folket

Sist eg skreiv om kongelige hadde eg oppe tronfølgeloven. Eg skal begynna med prins William og Catherine Middleton denne gongen og, for om ein knapp månad gifter dei seg, og ei jente av folket blir prinsesse av Storbritannia. Det er ein ytterst sjeldenhet, faktisk har det ikkje skjedd før, for då prins Andrew gifta seg med Sarah Ferguson i 1986 (skilt 1996) vart ho ikkje titulert prinsesse, men hertuginne. Prins Edwards hustru fekk tittelen grevinne av Wessex då dei vart gift i 1999 (framleis gift). Faktum er at verken hertuginnen av York eller grevinnen av Wessex var adelige, men prinsesse Diana var faktisk det. Ho var datter av jarlen av Spencer, men ekteskapet var likevel so-so. Alle som har sett dokumentarer om prinsesse Diana har vel fått med seg at då prins Charles vart spurt om han var forelska, var svaret: "Whatever that is." Det skulle vore ein indikasjon på at Diana skulle ha sprunge ganske kjapt vekk frå prinsen.

Side2 hadde nettopp ein artikkel om prins Gustav av Berleburg (dronning Margrethes nevø i Tyskland) og hans strev med å bli gift. Gustavs farfar skreiv i 1939 eit testament der det står at om han ikkje gifter seg adelig eller arisk, så arver han ingenting. Eg er usikker på om det gjaldt Gustavs far og, men han gifta seg med ei dansk prinsesse uansett. Gustavs kjæreste, Carina Axelsson, er vel likt i kongelige kretser og blir invitert i kongelige selskap saman med Gustav, men ho er ikkje adelig eller arisk.

Idag skriver Side2 om jenter av folket. Kate Middleton har noko til felles med vår eigen Mette-Marit, nemlig at ho gifter seg med ein prins og vil til slutt bli dronning. Kong Harald gjorde det same, og ekteskapet vakte då oppsikt, og han måtte vente i 11 år før det vart godtatt og dei kunne gifte seg. I Side2's artikkel står det at Den store forandringen i synet på "passende" ektefeller kom vel egentlig med første verdenskrigs slutt. Før krigens utbrudd hadde ein trudd at krig kunne bli hindra ved at monarkene var svogere, fettere og brødre. Verdenskrigen reduserte og mulighetene då fleire tyske prinser falt i slag, og ingen ville egentlig gifta seg tysk etter krigen.

Korleis er det i kongehusa i dag? Er det jenter av folket som blir dronninger? La oss ta ein leksjon:

- Noreg: Me har kronprinsesse Mette-Marit, datter av ein journalist med eit barn utanfor ekteskap. Då kronprins Haakon ville gifte seg med ho, var det ikkje det at ho var av folket som var problemet, men heller den litle gutten hennar og ungdomstida. Mette-Marit har tatt eit oppgjør med fortida, og har blitt eit populært medlem av kongefamilien. Eg har tru på at ho blir ei knakandes bra dronning.
- Sverige: Kronprinsesse Victoria gifta seg i fjor sommar med Daniel Westling. Dei møttes på trening, då han er medeigar i ei rekke treningsstudio. Paret hadde vore saman i 8 år då dei vart gift, og Daniel er titulert prins. Han vil antakelig få den same rolla som dronningektefellene har i Storbritannia og Danmark.
- Danmark: Kronprins Frederik møtte ei nydelig jente på ein pub under OL i Sydney. Kronprinsesse Mary lærte seg dansk på rekordtid, gifta seg med drømmeprinsen i 2004 og fødte ein sønn i 2005. Etterpå har det blitt ytterligere 3 barn så arverekkefølgen er sikra. Mary er datter av ein professor, og har sjølv grader i jus og økonomi. Eg har tru på at populære Mary blir ei bra dronning når den dagen kjem.
- Storbritannia: Fleire briter ønsker at prins William blir konge istadenfor hans far. Prins Charles har jobba hardt for populariteten sin, og blir omtalt som ein litt rar person. Han var gift med prinsesse Diana, som var adelig, men i dag er han gift med Camilla, som har tittelen hertuginne av Cornwall. Blir ho dronning, så blir eg overraska, for det er fleire som ikkje ønsker det. Ho får i tilfelle same rolle som dronningektemennene.
- Belgia: Kronprinsesse Mathildes far hadde ein nederlandsk tittel, og vart opphøya til greve då dottera gifta seg med kronprins Philippe. Likevel hadde Mathilde ein normal jobb då dei møttes, og forlovelsen kom som eit sjokk på mange då det ikkje var kjent at Philippe hadde kjærast. Mathilde er populær blant folket, og kjem til å bli ei god dronning.
- Nederland: Det vakte stor oppstandelse då kronprins Willem-Alexander erklærte sin kjærlighet til argentinske Maxima. Hennar far satt nemlig i diktatoren Jorge R. Videlas regjering på slutten av 70-talet. Det førte til foreldrene til Maxima uteble frå det kongelige bryllupet. Maxima har likevel blitt umåtelig populær i Nederland.
- Spania: Kronprins Felipe var eit samtaleemne når det gjaldt ekteskap. I vårt eget kronprinsbryllaup var han saman med norske Eva Sannum, men det såg ikkje ut til at den spanske kronprinsen hadde tenkt å gifte seg med det første. Det slo då ner som ei bombe då det viste seg at Felipe hadde hatt eit forhold til journalisten Letizia Ortiz Rocasolano i nokre år. Dei vart gift i 2004 (veka etter det danske kronprinsparet faktisk!) og har etterpå fått to døtre. Det kan bli vanskelig for Letizia å komme etter populære dronning Sofia, men eg har tro på Letizia.

Så, kva syns du? Kan jenter av folket bli gode dronningemner? Og ikkje nøl med å spørje viss noko er uklart:-)

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg leste en interessant artikkel i the Spectator om at Kate mest sannsynlig stammer fra Henrik VIII, så kongelig alikevel?

    SvarSlett
  2. Å, det har eg ikkje fått med meg. Spennande!

    SvarSlett