Søk i denne bloggen

fredag 4. mars 2011

Laila Lanes har fått Fredrikkeprisen 2011

Kvart år deler Norske Kvinners Sanitetsforening ut hedersprisen sin, Fredrikkeprisen. I år vart den tildelt Laila Lanes.

8. januar i fjor skreiv eg eit innlegg etter at eg hadde lest boka "Skynd deg å elske" ført i pennen av Lanes og ektemannen Jan Henry T. Olsen. Lanes og Olsen sette søkelyset på Alzheimers sjukdom, som tidlegare fiskeriminister Olsen nyleg hadde blitt diagnostisert med. I artikkelen i siste nummer av Fredrikke (magasinet til NKS) står det at opplaget til boka nå teller 69000 bøker, og det viser at det var behov for ei bok ein tabubelagt sjukdom som Alzheimer.

Då boka kom ut budde Jan Henry T. Olsen framleis heime, og ekteparet brukte tida si på kvarandre, og dei fekk råd av legen om å kosa seg og reisa. Laila Lanes fekk tilbod om å snakke ved ein konferanse i Oslo, "Breaking Barriers", og deltok og ved ein internasjonal konferanse i Paris, og Jan Henry var med. Idag bur Jan Henry T. Olsen på sjukeheim, og Lanes sier i artikkelen at det var brutalt å bestemma seg for å søke fast plass på sjukeheim. Det positive var at Jan Henry var innstilt på det sjølv, og det hjalp veldig. Laila Lanes fortsetter med arbeidet ho og ektemannen starta på, og takker ja til invitasjoner om foredrag, blant anna på helsekonferanser. "Det er ikke så ofte pårørende inviteres til å holde foredrag på fagkonferanser. Jeg synes det er viktig, sier hun." (Fredrikke februar 2011, side 19)

Eg anbefale deg til å lese boka!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar