Søk i denne bloggen

torsdag 7. april 2011

Serie: "Bones" - season 5

Sendetid i USA: 17. september-2009 - 20. mai-2010

I skrivande stund ser eg siste episode av Bones - season 5. Brennan har framleis ikkje bestemt seg for ein ny fast assistent, så det same lasset av assistenter har vore innom laben; ein av dei har faktisk eit forhold til Angela. Som kjent avslutta Hodgins og Angela forholdet sitt etter at Angela vart skilt, men i løpet av sesongen blir det fleire ømme blikk, og til slutt får eg det akkurat som eg vil - om ikkje akkurat den plassen eg ønska. Booth er tilbake etter operasjon, men finner ut at han har meir følelser for Brennan enn godt er - kanskje. I seriens hundrede episode ser me tilbake på den første saken som Brennan og Booth jobba saman på (det skjedde omtrent eitt år før dei vart partnere!), og ein del ting skjer i den episoden, og det var ein interessant episode på mange plan. Brennan, Booth og dei andre på Jeffersonian kjem over alt frå nåtidens hekser til myrdede rockere, og The Gravedigger opprøre mange i ein av dei siste episodane!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar