Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 31. august 2011

Bok: "Papirpiken"

Forfatter: G.G. Musso
Originaltittel: Le Fille de Papier
Utgitt: 2010
Denne utgåve utgitt: 2011
Oversetter: Agnete Øye
Format: Innbundet
Forlag: Pantagruel
Frå: Mi bokhylle (28. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Tom Boyd, en berømt forfatter som lider av skrivevegring, står ansikt til ansikt med heltinnen i sine bestselgende romaner. Hun er desperat og forteller ham at hun vil dø dersom han slutter å skrive. Boyd opplever i dagene som kommer at hans virkelighet og fiksjon blir intrikat sammenvevd - og livet som han kjenner det blir snudd på hodet. Hvis dine ord kunne holde henne i live, hva ville du si?

8. august fekk eg ein mail frå Pantagruel forlag om eg ønskte å motta G.G. Mussos nyaste bok på norsk. Eg liker godt hans første bok på norsk, Etterpå, og sa ja takk. Men så har eg hatt litt problem med å begynne, den vanskelige andreboka. Det gjekk til og med så langt at boka havna i hylla, og det er ein farlig plass for uleste bøker, kjem liksom aldri ut derfra igjen;-) Her ein kveld for eit par dagar sidan fekk eg inspirasjon, og opna boka.

Og for ei herlig bok! Eg vel å repetere ein setning frå forrige omtale: Nokon dager trenger du ein historie som trollbinder deg, og lar deg synka inn, og idag har eg lest ut ei bok som eg ikkje kjeme til å gløyma med det første.

Tom Boyd er ein fascinerande karakter som har mista kjærleiken, og kanskje og trua på kjærleiken. Inn kommer hans trofaste venner Milo og Carole, men den som gjer inntrykk på Tom er Billie, som proklamerer at ho har falt utav den siste boka til Tom! Er det mogleg? Over dei neste par dagane og vekene innser Tom at skriving må bli inspirert, kjærleik er til stades heile tida og dei beste vennene er dei som forstår kva du trenger, sjølv før du har innsett at du trenger det.

G.G. Mussos andre bok på norsk er ei finurlig bok, som tåler å bli lest mange gonger, og viss du finner deg framleis i boka klokka 3 om natta så er det lov. Boka er nemlig ein skikkelig pageturner, og slike vil me ha fleire av. Eg er enig med anmelderen frå Aftenposten som er sitert bakpå boka: Forfatteren G.G. Musso er ukjent for mange i Norge. Det vil ikke vare lenge!"

XOXO

1 kommentar: