Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 4. september 2011

Serie: "Criminal Minds" - season 3

Sendetid i USA: 26. september-2007 - 21. mai-2008

Baksidetekst: Criminal Minds er tilbake i en tredje sesong med 20 nervepirrende episoder! I denne sesongen melder den legendariske profilen David Rossi seg inn i gruppen, i det de strever med sine tøffeste utfordringer - og sine egne demoner. Samtidig som Hotch går gjennom en tøff skillsmisse, kjemper Reid med smertefulle minner fra fortiden. Morgan spøker som vanlig med datageniet Garcia, men når hun blir skutt stilner latteren. Til og med Prentiss vurderer å si opp når ”JJ” får problemer med å håndtere det mentale stresset på jobben. I Criminal Minds er FBI's eliteenhet like fascinerende og mystiske som sakene de jobber med!

Etter at venninna hans vart brutalt drept klarer ikkje Jason Gideon å finne fokuset til jobben lenger, og forlater BAU. Inn kjem David Rossi, ein legende innan faget. Eg liker denne mannen veldig godt, og episoden med dei tre barna han følte ansvar for var nydelig. Hotch har det tøft privat, kona går frå han og han kjemper ein hard kamp for å få sjå sonen sin. JJ har haldt ein del ting privat for resten av teamet, men plutselig ein dag får resten av teamet vite at den ho har hatt eit forhold til Will LaMontagne frå New Orleans sidan dei var der i forbindelse med ein sak. Møtet finner sted tidlig i sesongen, og på slutten er JJ gravid. Sakene som BAU er invovlvert i er spennande og mangesidige, og enkelte gonger sitter eg som på nåler for det er så spennande. Serien har og humor, og ein av dei betre scenane var når Emily, Derek og Reid står på det nye kontoret til Rossi og snakker om han. Inn kjem Rossi og gir dei svar på alle spørsmåla. Dei tre som hadde "baksnakka" han var litt flaue! Morsomt! Eg hadde planlagt ein liten pause frå denne serien, men då siste episode rulla over skjermen og ein eksplosjon oppstår der eit av BAU-medlemane er involvert måtte eg sjå første episode i neste sesong. Nå blir det ein liten pause då eg har lånt ein anna spennande serie på bibioteket, men plutselig er BAU tilbake med fleire saker.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar