Søk i denne bloggen

Laster inn...

onsdag 9. mai 2012

Serie: "House M.D." - season 1&2

Season 1 original run: 16.11.04-24.05.05
Baksidetekst season 1: Hugh Laurie stars as the brilliant, but sarcastic Dr. Gregory House, a maverick physician who is devoid of bedside manner. While his behavior can border on antisocial, Dr. House thrives on the challenge of solving the medical puzzles that other doctors give up on. Together with his hand-picked team of young medical experts, he'll do whatever it takes in the race against the clock to solve the case.

Season 2 original run: 13.09.05-23.05.06
Baksidetekst season 2: Golden Globe winner Hugh Laurie is on call as sardonic Dr. Gregory House in Season Two of the smash-hit House, television’s most intelligent and provocative drama. This 6-disc collection features all 24 innovative episodes, exclusive bonus materials and some of today's brightest guest stars, including Sela Ward, Ron Livingston, LL Cool J and Cynthia Nixon. Be a part of this medical mystery-solving team as House and his staff take on baffling cases in this hilarious and heartbreaking yet gripping series.

House M.D. har for meg vore ein serie som har gått på NRK1, men som eg aldri fulgte med på. Likevel så appellerte den til meg, men som den kronologikeren (lurer på om det er eit ord?) eg er så ville eg sjå det frå byrjinga. Eg er veldig glad i biblioteker og mitt andre lokale bibliotek (det kjem an på om eg reiser nordover eller sørover) har ein del serier på dvd. Glede!

Hovudpersonen sjølv, Dr. Gregory House (spelt av Hugh Laurie), er ein kynisk og ulykkelig mann. Han eter smertestillende piller som andre eter snop, er konstant på hugget og stort sett i dårlig humør. Han er ein velkjent lege og til tross for sitt dårlige forhold til pasientene er han den legen som alle vil til viss dei ikkje finner ut kva som feiler dei.

Hans håndplukka team av unge leger består av Dr. Eric Foreman (Omar Epps), Dr. Robert Chase (Jesse Spencer) og Dr. Allison Cameron (Jennifer Morrison). Dei blir til stadighet rakka ned på for sitt dårlige arbeid, men til syvende og sist trur eg ikkje at House hadde klart seg så lenge utan dei. I andre roller på Princeton-Plainsboro Teaching Hospital (PPTH) i New Jersey finner me sjefen på sjukehuset, Dr. Lisa Cuddy (Lisa Edelstein), og sjefen for onkologisk avdeling, Dr. James Wilson (Robert Sean Leonard). I sesong 2 kjem House's ekskjæreste, Stacey Warner (Sela Ward) til sykehuset og vil ha han til å diagnostisere mannen hennar, og blir ansatt av Cuddy. 7 episoder fekk ho i sesong 2, også var det over og ut.

Så, kvifor har eg brukt tid på å sjå denne serien? Fordi den er festlig, interessant og full av humor. Hugh Laurie har gått ut med at han lider av depresjoner, men han er ein glimrande skodespelar i denne serien. Gregory House er ein mann som går eigne vegar, og ber som regel om unnskyldning etter han har gjort det han eigentleg ikkje fekk lov til. Serien har forøvrig og vunnet fleire Emmy-priser og Hugh Laurie har vunne Golden Globe for sin rolle i 2006 og 2007.

Sesong 3 og 4 ligger klar og eg gleder meg!

XOXO

1 kommentar:

  1. Det er utrolig bra serie, selv om ikke sesongene er høydare. Vi er ajour nå og venter i spenning på den siste episoden som kommer senere i mai...

    SvarSlett