Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 21. desember 2012

Endeleg ferie!

Juleferie har blitt eit framandord dei siste åra, men for første gong på 3 år skal eg ikkje på jobb i romjula. All mogleg respekt til dei som skal, men i år er det min tur til å ha fri. Hausten har vore travel, og eg liker å tru at eg har klart å roe ner både meg sjølv og ungane i julemånaden. 3- og 4-åringane mine har lagd kvar si julegåve til mor og far, og augo var store på ungane då eg forklarte de i går at mor og far måtte ikkje få klemme på gåva. Dagane fram mot julafta blir nok lange for både små og store.

Halv tre idag tok eg juleferie, og det er med letta hjarte og senka skuldre at eg ser fram mot late dager heilt til 2. januar. Boklesing, seriekikking, seine morgonar og lange netter (eg er og blir ei nattugle) og ingenting som eg må gjera. Kjenner eg meg rett finn eg sikkert på eit prosjekt, men ein treng alltid noko å driva på med anten det er ferie eller ikkje.

På søndag er det tid for den fjerde og siste trekninga, og eg håper du stikker innom og hvertfall kikker på premien. Eg har allereie sendt avgarde to premier, ein til Beathe og ein til Astrid, og den tredje ligger her til Marianne. Eg er usikker på om den kjem ut dørene før jul, men eg satser på at med dei fulle bokhyllene til Marianne, så er ho ikkje trengande med det første. Den fjerde trekninga satser eg på å ha publisert på søndag morgon, så stikk gjerne innom.

Ha ei god helg så lenge!

XOXO

4 kommentarer:

  1. HURRA! Jeg vant! :-) Tuusen takk Elida! Og bare så du er klar over det... det er ALLTID plass til ei ny god bok i bokhyllene!!! Om boka ikke når fram til jul så har jeg fremdeles noe å glede meg til, så det gjør ingenting! Ha en riktig så god og LANG juleferie i år! Det har du garantert fortjent! :-) Vi skal til besteforeldre på julaften og på hytta i romjula. Lite stress, med andre ord, og jeg gleder meg masse! Nyyyyt helgen! Og takk igjen :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er klart en bokelsker har alltid plass til nye bøker:-) Ha en riktig fin og stressfri jul, Marianne!

      Slett
  2. Hei Elida

    Ønsker deg og dine en riktig god jul og godt nytt år:))))
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Anne! I 2013 lover eg å koma på besøk, nå har eg 12 mnder på meg;-)

      Slett