Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 11. februar 2013

Bok: "Stryk meg over håret"

"Stryk meg over håret" av Agnes Lovise Matre
Forfatter: Agnes Lovise Matre
Utgitt: 2012
Format: Innbundet leseeksemplar, 263 sider
Forlag: Commentum
Mål/utfordringer: Off the shelf

Eg har mottatt denne frå forfatteren sjølv, og då samvittigheten begynte å gnage noko alldeles forferdelig her om dagen måtte eg simpelthen leite fram boka. Det tok si tid for av ein eller anna merkelig årsak hadde den ikkje havna saman med dei andre leseeksemplara. Ein halvtime seinare var den funnet!

Eg har høyrt både bra og dårleg om denne boka, men eg er ganske sikker på at eg har lest eit sted at den har solgt ganske mykje. Eg syns ikkje salgstal seier så mykje om ei bok; salgstal er kun basert på kor mykje ei bok har solgt og det er kun pga at bokhandlere, familie eller bloggere for den saks skuld har anbefalt den.

Stryk meg over håret er Haugesundbaserte Agnes Lovise Matres debutroman, og det er ingen dårlig debut. Historien er enkel nok: Guro er ei tilsynelatende vellykka karrierekvinne frå Bergen, men ho lider av ein skjult sjukdom. Det er ikkje mange rundt henne som veit at ho lider av bulimi, og Guro er fryktelig flink til å skjule det. Nå har legen gitt ho eit ultimatum: Ta tak i sjukdommen eller dø. Så enkelt er det! Guro bestemmer seg for å flykte frå kalde Bergen. Ho svarer på ein annonse om selskapsdamestilling i Provence og flyr til varmere strøk.

So far, so good! På ein vingård i Frankrike treffer Guro ei eldre dame på syttifem, Marie, og ein kjekk gårdsarbeider, Dominic. Ein periode går det meste på skinner, og Guro klarer til og med å la ver å kaste opp maten etter kvart måltid. Guro innleder eit sort-of-forhold til Dominic, forteljer si historie til Marie, og klarer til slutt og ordne opp i livet sitt.

Likevel er det noko som skurrer. Eg skumma kjapt gjennom alle tekstane med kursiv skrift simpelthen fordi det appelerte ikkje til meg. Det er mange forfattere som er flinkere til å flytte historien gjennom fortid og nåtid, men denne måten å gjera det på fungerer ikkje for meg. Ein anna klassisk historie er forholdet mellom Guro og Dominic. Sjølvsagt faller dei for kvarandre, eg vart nesten litt irritert når han dukka opp. I slutten går det og litt for fort fram, og dei siste kapitla er bare merkelige. Det er kanskje ikkje alle som forstår at Guro og Dominic er saman igjen i siste kapittel.

Alt i alt, grei lesning, og den er fort gjort!

XOXO

1 kommentar:

  1. Vi har veldig lik oppfatning av denne boka, ser jeg! Jeg likte heller ikke kapitlene i kursiv, og jeg synes ikke slutten var troverdig, rett og slett. Dessuten var det så lite spenning i teksten, og handlingen ble veldig forutsigbar. Avslutningen med Guro og Dominic ble dessuten klisjeaktig.

    SvarSlett