Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 19. mars 2013

Bøkene du MÅ lese!

I siste nummer av Kamille (6/13) har dei prata med ein bibliotekar frå Deichmanske i Oslo, og ho har gitt Kamille 30 bokforslag som MÅ leses. Eg kan ikkje fordra artikler som sier at disse bøkene må du lese. Uheldigvis var det ein del gode forslag, og eg blir umiddelbart inspirert til å prakke på dykk lesere mine boktips. Eg håper Kamille tilgir meg for at eg låner nokre av deira overskrifter.

BESTSELGERE

Eg er av dei som gjerne les bestselgere fleire år etter at dei kom ut, rett og slett fordi alle andre les boka idet ho kjem ut. Dei tre bøkene på mi liste har eg av ein eller anna uforklarlig årsak anten lest på engelsk før ho kom ut på norsk, eller lest då alle andre las den.

"Orkideens hemmelighet" av Lucinda Riley "Den glemte hagen" av Kate Morton "Barnepiken" av Kathryn Stockett
 
KLASSIKERE
 
Eg er veldig glad i bøker som har vore rundt oss ei stund, og prøver å gjera mitt ytterste for at dei blir lest av meg. Klassikere får ofte eit stempel på seg som tunge og tjukke, men innimellom treffer eg dei klassikerne som har stempelet på seg og er stikk motsatt bare du kjem inni boka. Det er tilfellet med forslaga eg har lagt fram.
 
"Overtalelse" av Jane Austen "Buddenbrooks - en families forfall" av Thomas Mann "Vår felles venn" av Charles Dickens "North and South (Penguin Classics)" av Elizabeth Gaskell
 
KRIM
 
Dei siste åra har eg lest veldig lite krim. Kva det kjem av er eg usikker på, men i 2013 håper eg at Riverton/Glassnøkkel-målet skal inspirere til å lese meir krim. Sidan mange av bøkene er forfatterens andre eller tredje-bok er eg allereie nødt til å lese meir krim enn bare vinnarane. Min kronologiske hjerne tillater ikkje noko anna. Forslaga eg har lagt fram er bøker eg har hatt stor glede av, og hadde det ikkje vore for at eg vant den først Jo Nesbø-boka hadde eg kanskje ikkje blitt så Nesbø-hekta som eg er idag.
 
"Stevnemøte med døden" av Agatha Christie "Havfruen" av Camilla Läckberg "Flaggermusmannen" av Jo Nesbø
 
FRÅ VIRKELIGHETEN
 
Bøker som omtaler faktiske hendingar kan vera spennande og lærerikt, men og hjerteskjærande og unødvendig. Eg er veldig rojal, og les bøker om kongelige personer like ofte som eg les skjønnlitteratur. Den midtre boka er ei tynn lita flis av ei bok som framleis får fram smilet mitt når den er å finne blant anbefalte bøker (den var faktisk med i Kamille). Den tredje har eg lest to gonger, og eg gråt like mykje begge gongene sjølv om eg visste kva som kom.
 
"Kongstanken - Haakon og Maud I" av Tor Bomann-Larsen "På vegne av venner - essay" av Kristopher Schau "Idas dans - en mors beretning" av Gunnhild Corwin
 
Alle bøkene eg har lagt fram som forslag har eg hatt stor glede av, og håper du finner inspirasjon. Om du har forslag tar eg gjerne imot.
 
XOXO

11 kommentarer:

  1. Fine tips! Jeg lurer på om jeg skal gjøre det samme :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har sett krimtipsa som går rundt for tida, men eg har for lite kunnskap om det emnet for tida. Fant ut at tips som dette var meir i mi gate:-)

      Slett
  2. Tenkte eg skulle få lest Idas Dans i år :) Da eg har den i hylla..

    Likte tipsa dine eg da :)
    Sjølv om det er litt uttafor komfort zona mi :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Husk lassevis med Kleenex når du les Idas dans;-)

      Kva er utanfor komfortsona?

      Slett
  3. På vegne av venner gjorde inntrykk på meg og. Elles er det mange bøker her eg ikkje har lese ennå. Takk for tipsa.

    SvarSlett
  4. Så fint at du skriver på nynorsk!

    Ønsker en fortsatt fin kveld.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, første gong nokon har kommentert det:-)

      Slett
  5. Åååh <3 Persuasion(Overtaleles). Den Glemte Hage og Barnepiken likte jeg også meget godt! Flotte tips, Elida. Tusen takk for det.

    Jeg får kommentere nynorsken jeg også da, elsker å lese det og håper den må få bestå for evig tid. Vårt vakre sidemål!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Mari! Nynorsk har alltid vore mitt hovudmål, og eg ynskjer å bevare det:-)

      Slett
  6. Her var det mye spennende, noe har jeg lest, mens andre ikke. Når det gjelder "Hypnotisøren" skjønner jeg godt momentene som gjorde at du ikke likte den, og jeg var selv millimetre fra å legge den fra meg når det var på "det verste". God helg fra meg til deg :)

    SvarSlett