Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 6. april 2013

Bokelskere før og nå

Det har vore diskusjoner rundt på ulike forum angåande Amazons oppkjøp av Goodreads. Foreløpig er eg avventande til korleis det vil føregå i praksis, og om det blir endringar på innlogging og diverse. Eg bruker ikkje Amazon så veldig mykje anna enn til Kindle-bøker, men har den i bakhånd for eventuelle papirbøker eg ikkje får tak i i vårt langstrakte land.

Då bokelskere.no oppdaterte si side i fjor ein gong la eg ikkje merke til om det var diskusjoner i etterkant rundt forandringane. For faktum er at eg syns bokelskere.no har blitt dårlegare etter oppdateringa. Det er ting som irriterer meg idag som eg ikkje la merke til tidlegare.

- Det har blitt merkbart meir reklame/annonser. Og det er ikkje alltid det er spesifikke annonser om bøker, men kanskje om heilt andre ting, og er det om bøker så er det oftast kor mange prosent du kan få i den og den nettbokhandleren.

- Eg må scrolla lenger ned på sida for å lesa det eg syns er kjekkast. Dette er sikkert eit luksusproblem, men tidlegare så kom du inn på forsida og der stod det tre rubrikker: 'Nyeste bokomtaler', 'Sist sagt' og 'Nyeste sitater'. Eg syns at sitatrubrikken var det kjekkaste, men i det siste har ikkje den blitt lest for eg scroller meg sjelden lenger ned på sida når eg bare skal inn og registrere ei bok. Sitata har ofte vore veldig gode, og eg likte å lese dei.

- Leser og har lest-rubrikken på profilsiden. Mitt inntrykk er at tidlegare bestod den rubrikken av bøkene du las nå og bøkene du nettopp hadde lest. Viss eg legger inn ei bok eg las for 3-4 år sidan idag så dukker den opp der. Det irriterer meg, og det er sikkert og eit luksusproblem.

Dette har irritert meg over lang tid, og eg bruker meir tid på Goodreads enn eg gjer på Bokelskere. Ikkje er eg spesielt opptatt av å diskutere bøker heller, og føler den funksjonen er og lettare på Goodreads med kommentarfunksjonen under kvar bok. Er det andre som har det på denne måten?

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg har brukt begge deler. Goodreads fordi det er så mye mer du kan gjøre der, og også fordi jeg lettere finner engelskspråklige bøker der. Men språk er også feilen med Goddreads, mange ganger må jeg legge inn de norskspråklige bøkene selv.
    Så jeg bruker også Bokelskere. Det begynte som et verktøy på jobb, en enkel måte å hente frem bøker jeg har lest på. Jeg irriterer meg også over forandringene, men jeg trenger den enkle måten å finne bøker på. (Både på jobb og på bloggen).
    Så det blir en jatakk, begge deler hos meg. Begge to har sine fordeler men ingen av dem konkurrerer totalt ut den andre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har og lagt inn mange norskspråklege bøker på Goodreads, men i det siste har eg lagt merke til at mange av nyutgivelsane eg har lest (som Karianne Gamkinns bok og "Bian Shen") allereie er lagt inn så lurer på om forlaga er inne og gjer det sjølv (?).

      Foreløpig er det ja takk begge deler, så får sjå kor lenge det varer:-)

      Slett