Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 17. mai 2013

Bok: "Hemmeligheter"

Forfatter: Kate Morton
Originaltittel: The Secret Keeper
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2013
Oversetter: Elisabet W. Middelthon
Format: Innbundet, 540 sider
Forlag: Schibsted
Mål/utfordringer: Off the shelf

Kate Morton har gjort braksuksess med sine romaner, og Hemmeligheter er den fjerde i rekkja. Den nye dameromanen er eit sikkert kort på bestselgerlistene, og personleg syns eg Kate Morton er ei av dei betre i sjangeren. Romanane hennar, Tilbake til Riverton, Den glemte hagen og En svunnen tid, har alle krøpe inn i folks hjarter, og eg tviler på at den siste vil gjera det noko verre.

Hemmeligheter består av fire deler som har fått namn etter fire damer i romanen, Lauren, Dolly, Vivien og Dorothy. Historien starter i byrjinga av 1960-åra.
Engelsk landsbygd, en avsidesliggende bondegård, en sommerdag i begynnelsen av 1960-årene. Huset er et beskjedent bindingsverkshus, hvitmalingen flasser litt av på vestsiden og klematis klatrer oppover murpussen. Det ryker fra skorsteinene, og bare synet av røyken gjør at du vet at noe velsmakende putrer på komfyren der inne. Det er noe ved den pent anlagte kjøkkenhagen bak huset; den stolte glansen i de blyinnfattede vinduene, det omhyggelig reparerte taket.
Laurel er i midten av tenåra, og bur saman med mor, far og sine yngre søstre og bror. Då me først møter ho har ho gøymt seg godt vekk i gøymeleiken med søstrene, men utolmodige som dei er gidder dei ikkje leite etter ho meir. Det bryr ikkje Laurel seg så mykje om for då kan ho dagdrøyme om livet ho har sett seg ut, og om gutten ho er forelska i. Etterkvart forsvinn resten av familien ut av huset for å ha bursdagsselskap på stranda. Laurel bryr seg ikkje nemneverdig om det faktum at ho går glipp av lillebrorens bursdagskake, men då ho sniker seg inn for å hente ei bok ser ho at kakekniven ligger igjen på kjøkkenet. Ho vurderer eit øyeblikk å komme ned på stranda med kniven triumferande i handa, men slår det frå seg. I eit hus med tre småsøstre og ein lillebror er alenetid sjelden vare! Laurel tar med seg boka og går ut igjen. Litt etter kjem mora med lillebroren mot huset for å hente kakekniven, og når ho er inne ser Laurel ein mann som kjem gåande mot huset. Det har vore skriverier om ein mann som vandrer langs vegane, og Laurel held auge med han. Han banker på døra til huset, mora kjem ut med kakekniven i den eine handa, og vesleguten på armen. Laurel syns det ser ut som om mora kjenner mannen. Mora ser redd ut, og det neste som skjer er at mora stikker kakekniven resolutt i brystet på mannen. Då svartner det for Laurel, og ho besvimer.

I 2011 er Laurel ein ettertrakta skodespelar, men då ho får telefon frå søstrene om moras sviktande helsetilstand reiser ho heim. Søstrene møtes på sjukehuset, og seinare på den gamle bondegården. Laurel har tatt eit par vekers ferie, og sidan ho verken har mann eller barn bestemmer ho seg for å bli på bondegården ei tid. Då søstrene må heim til sine respektive bestemmer Laurel seg for å nøste opp i moras fortid. Ei fortid som ingen av søstrene veit særleg mykje om, og med bakgrunn i eit fotografi frå krigen finn Laurel ut ein heil del om moras rolle under krigen, og kven ho var saman med. Det var ikkje enkelt for ei jente å finne sin plass i krigs-London, og fallgruvene var mange. Då Laurel finner hemmeligheten mora har skjult i mangfoldige år innser ho at det kan ikkje ha vore bare lett for mora, og at det var derfor ho ville bu på den avsideliggande bondegården.

I kjent stil har Kate Morton fletta historier frå fortid og nåtid saman. Hemmeligheter er ei god bok, men den er ikkje like lettlest som dei andre, og eg syns ikkje ho har klart å flette like bra som i tidlegare romanar. Det vart til tider rotete, og usystematisk, og måten ho har delt opp boka syns eg ikkje fungerer. I tillegg syns eg det er for mange karakterer å halde styr på. Når det er sagt er det ei god bok å krype under teppet med!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Nokk en god tekst! Jeg leste Tilbake til Riverton en sommer og den falt aldeles ikke i smak. Det er synd i grunn for jeg har så lyst til å like Morton. Jeg har en venninne som er så glad i henne og vet av mange flere også. Men sånn er det bare, jeg har godt lyst til å like grøt jeg også, siden alle andre liker det, men sånn har det ikke blitt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Smaken er som baken, og alle kan ikkje like det same;-)

      Takk for ros!

      Slett