Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 19. juli 2013

Revolveromtale: "Inferno" (Robert Langdon #4)

Forfatter: Dan Brown
Originaltittel: Inferno
Utgitt: 2013
Denne utgåva: 2013
Oversetter: Sverre Knudsen
Format: Innbundet, 542 sider
Forlag: Bazar

Etter at eg har venta i x antall veker på at boka vart tilgjengeleg på biblioteket fekk eg den for ei god veke sidan. Då eg fant ut for eit par dager sidan at boka MÅ leveras inn på mandag var det bare å sette igang. Dan Brown har eg kun høyrt på lydbok, og burde gjort det her og for å faktisk kunne gjera noko anna medan eg kjeda meg ihjel!

Etter 240 sider frå begynnelsen, og sluttkapitlene har eg gitt opp! Det er sjelden eg gir opp bøker, og kanskje eg høyrer lydboka ved ein seinare anledning, men i kveld har eg gitt opp Robert Langdon. Plottet er interessant, men må Langdon halde historieforelesning ved kvart einaste spir, bygning, maleri, skulptur og elles anna han passerer i eit rasande tempo. Dei første 130 sidene leste eg på rappen i går kveld, og kanskje dei var best? Vil eg ha ei reiseskildring frå Italia så fins det sikkert anna enn noko ført i pennen av Dan Brown. Forøvrig kan Brown det framleis; korte kapitler for å bygge opp spenningskurven, hyppig skifte melom kven som tenkjer og snakker, og det heile føregår i eit rasande tempo. Hadde han bare tatt vekk ein del av faktaene han strør om seg hadde det blitt ein brukbar spenningsroman. Over og ut!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Takk Elida! Fullstendig enig! Jeg var imidlertid litt mer tålmodig enn deg og leste ut hele boka - uten at det endret holdningen min det minste. Heller tvert imot. Interessant plott, men fullstendig druknet i reise- og historiefyll som ikke har noe med fremdriften å gjøre i det hele tatt. Synd, men sørgelig sant.

    SvarSlett
    Svar
    1. Her er det bøker i søkk og kav som eg heller vil lese og då tapte "Inferno." Plottet var bra, men når det drukner i alskens anna så blir dessverre fremdriften ødelagt. Det er slike bøker som dreper leselysten min!

      Slett
  2. Jeg brukte 3 uker på Inferno, og innser nå at jeg burde bare ha lagt den vekk. Lite fengende og svært detaljert på en kjedelig måte.

    SvarSlett