Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 21. november 2013

Tidstjuv

Det å lese er for mange ein omstendeleg prosess. Fleire veit ikkje kvar i jungelen dei skal byrje, og ender kanskje opp med å gi opp heile greia. Til og med for etablerte lesere som meg er det ofte vanskeleg. Ikkje nødvendigvis bokmessig for eg går aldri tom for lesestoff, men det å finne tid. Karin hadde nettopp eit innlegg om det å lese 100 bøker på eitt år. Eg klarer ca 70-75 i året, men hadde eg hatt meir tid så hadde eg sikkert dobla det. For kva er eigentleg tid, og kva er tidstjuven min?

Det enklaste er å seie at eg må faktisk innom jobb nokon timar kvar dag, også bruker eg tid på å kome til jobb, og nødvendige huslege ting + tur med bikkja. Karin lister i sitt innlegg opp 5 punkter som skal bidra til meir lesetid. Eg er djupt einig i nr 3, men dessverre er det lettere i teori enn i praksis. Eg har likevel tatt det innover meg, og erkjent at eg bruker frykteleg mykje tid med iPhone/iPad, og har blitt flinkere bare dei siste dagane. Nr 4 lærte eg var veldig nyttig idag, og fekk faktisk lest ein del medan eg venta på mi mor.

Min tidstyv heiter smart-dings, og i framtida skal eg bli flinkare til å gi f... i den!

Har du ein tidstjuv?

XOXO

4 kommentarer:

  1. Internett er en av mine tidstyper, og da særlig steder som Facebook. Fra neste uke skal jeg flytte hjemmekontoret inn i et kontorfellesskap i Oslo, og da satser jeg på at det blir mer stuetid når jeg er hjemme på kveldene, og mindre internett, og kanskje enda mer lesing.

    Nå må jeg inn og titte på Karins innlegg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at Internett er ein tidstyv. Facebook bruker eg mindre og mindre, men er innom. Så spennande med "utekontor". Får kanskje meir fritidsfølelse når du går frå kontoret då:-)

      Slett
  2. Synes det er bra at du og Karin skriver slike innlegg, så får man liksom tenkt over hva man prioriterer.
    Jeg tror også at min største tidstyv er "padda" mi. Enten jeg spiller hjernedøde spill eller fjaser på Facebook. Kjenner jeg må ta meg sammen, men etter jobb er det liksom greit å koble ut ting som krever noe av deg...det er også merkelig hvor raskt tida går når man bare "soser rundt" på internett.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heilt med på utkobling med hjernedøde ting, men utkoblinga mi varer for lenge;-)

      Slett