Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 23. februar 2015

Oscar 2015 - Sjølve utdelinga

Kl. 02:30: Me er nå inne i Dolby Theatre, og Neil Patrick Harris har kome på scenen. Han gjer straks ein morsom kommentar med whitest, sorry brightest. Han bryter ut i sang, og mannen kan synge! Anna Kendrick kjem på scenen og synger ilag med Harris. Jack Black er ikkje fornøgd (;-) og avbryter den glade sangen. Publikum elsker det! Harris og Kendrick hiver han av scenen! Fun! Flott innedning av Neil Patrick Harris!

Lupita Nyong'o er på scenen med konvolutten for beste mannlege birolle. Ho hyller samtidig Robin Williams med eit sitat. Nominerte: Robert Duvall, Ethan Hawke, Edward Norton, Mark Ruffalo og J.K. Simmons. And the Oscar goes to ... my man J.K. Simmons! Han får ståande applaus av fleire. Han takker akademiet og kona og barna sjølvsagt.

Neil Patrick Harris snakker om kofferten med konvolutter og beordrer Octavia Spencer til å ikkje ta augene av den innelåste kofferten.

Liam Neeson kjem på scenen og snakker om beste film-nominerte The Grand Budapest Hotel og American Sniper.

Dakota Johnson kjem på scenen og presenterer den nominerte sangen "Lost Stars" frå filmen Begin Again. Maroon med Adam Levine i spissen framfører sangen. Sistnemnte er med i filmen, og sangen er nominert i kategorien beste originale sang.

Jennifer Lopez og  Chris Pine kjem på scenen med konvolutten for beste kostymedesign. And the Oscars goes to ... Milena Canonero, The Grand Budapest Hotel. Fjerde statuett og niende nominasjon på dama.

Reese Witherspoon er på scenen med kovolutten for beste hår og sminke. And the Oscars goes to ... Frances Hannon og Mark Coulier, The Grand Budapest Hotel. Hennar første nominasjon, hans andre nominasjon og statuett.

Channing Tatum er på scenen og snakker om Team Oscar, The Next Generation.

Nicole Kidman og Chiwetel Ejiofor er på scenen med konvolutten for beste utenlandske film. And the Oscar goes to ... Polen med filmen Ida. Det er den tiende nominasjonen og første statuetten til Polen. Regissøren, Pawel Pawlikowski, snakker i det vide og brede, og får musikken til å starte, men bryr seg lite om det.

Shirley MacLaine er på scenen og snakker om beste film-nominerte Boyhood, The Theory of Everything og Birdman.

Neil Patrick Harris tar ein runde i salen.

Marion Cotillard kjem på scenen og presenterer den nominerte sangen "Everything is Awesome" frå The LEGO Movie. Det er blant anna systrene Tegan og Sara Quin som framfører.

Kerry Washington og Jason Bateman kjem på scenen med konvolutten for beste kortfilm, live action. And the Oscars goes to ...  The Phone Call, Mat Kirkby og James Lucas. Deira første Oscar-statuetter.

Og beste korte dokumentar. And the Oscar goes to ... Crisis Hotline: Veterans Press 1, Ellen Goosenberg Kent og Dana Perry. Deira første statuetter.

Viola Davis kjem på scenen og snakker om eit anna prisshow: The Governor Awards. Blant andre mottok Maureen O'Hara Honorary Award, og Harry Belafonte Humanitarian Award.

Harris tar ein runde i salen, og snakker spesielt med folk med aksent.

Gwyneth Paltrow kjem på scenen og presenterer den nominerte sangen "I'm Not Gonna Miss You" frå dokumentaren Glen Campbell: I'll Be Me. Campbell kunne ikkje kome då han er på sjukeheim med Alzheimer, så Tim McGraw fekk det ærefulle oppdraget med å framføre sangen. Sangen er skrevet til kona og barna til Campbell, og er noko av det siste han gjorde.

Neil Patrick Harris har nå ikkje klær på seg etter pausen! Kjem ut på scenen i truse, sokker og sko. "Acting is a noble profession."

Margot Robbie og Miles Teller og snakker om Scientific and Technical Awards. Highlights frå kvelden!

Sienna Miller og Chris Evans kjem på scenen med konvolutten for beste lydmiksing. And the Oscar goes to ... Whiplash, Craig Mann, Ben Wilkins og Thomas Curley. Første nominasjon og statuett.

Og beste lydredigering. And the Oscar goes to ... The American Sniper, Alan Robert Murray og Bub Asman.

Harris har bytta dress!

Jared Leto kjem på scenen med konvolutten for beste kvinnelege birolle. Nominerte: Patricia Arquette, Laura Dern, Keira Knightley, Emma Stone og Meryl Streep. And the Oscar goes to ... Patricia Arquette for Boyhood. Arquette leverer ein glimrande tale om blant anna kvinners rettigheter.

Josh Hutcherson presenterer den nominerte sangen "Grateful" frå filmen Beyond the Lights. Rita Ora framfører!

Ansel Elgort og Chloë Grace Moretz kjem på scenen med konvolutten for beste visuelle effekter. And the Oscars goes to ... Interstellar, Paul J. Franklin, Andrew Lockley, Ian Hunter og Scott R. Fisher.

Kevin Hart og Anna Kendrick kjem på scenen med konvolutten for beste animerte kortfilm. And the Oscars goes to ... Feast, Patrick Osborne og Kristina Reed. Ingen statuett til Torill Kove :-(

Zoe Saldana og Dwayne Johnson kjem på scenen med konvolutten for beste animerte film. And the Oscars goes to ... Big Hero 6, Don Hall, Chris Williams og Roy Conli.

Cheryl Boone Isaacs, presidenten for The Academy, snakker blant anna om the power of film, og at ingen stemmer blir stilna på grunn av trusler. Ho takker modige regissører og kinogjengere verda over.

Chris Pratt og Felicity Jones kjem på scenen med konvolutten for beste produksjonsdesign. And the Oscar goes to ... The Grand Budapest Hotel, Adam Stockhausen og Anna Pinnock.

Idris Elba og Jessica Chastain kjem på scenen med konvolutten for beste filming. And the Oscar goes to ... Birdman, Emmanuel Lubezki.

Meryl Streep er på scenen og snakker om dei eminente folka som har forlatt oss. In Memoriam av blant andre Mickey Rooney, Geoffrey Holder, James Garner, Elizabeth Pená, Edward Herrmann, Maya Angelou, Robin Williams, Rod Taylor, Luise Rainer, Lauren Bacall, Herb Jeffries, Bob Hoskins, Mike Nichols, Anita Ekberg, Louis Jordan, Richard Attenborough, Tom Rolf, Ruby Dee, Samuel Goldwyn Jr., Martha Hyer, Misty Upham, James Rebhorn, Eli Wallach og Gabriel Garcia Marquez. Det var fleire, men det var disse eg fekk med meg, og visste kven var. Alltid nydeleg sekvens i showet!

Jennifer Hudson kjem på scenen og synger.

Naomi Watts og Benedict Cumberbatch kjem på scenen med konvolutten for beste filmredigering. And the Oscars goes to ... Whiplash, Tom Cross.

Terrence Howard kjem på scenen og snakker om beste film-nominerte The Imitation Game, Whiplash og Selma.

Jennifer Aniston og David Oyelowo kjem på scenen med konvolutten for beste dokumentar. And the Oscar goes to ... Citizenfour, Laura Poitras, Mathilde Bonnefoy og Dirk Wilutzky.

Octavia Spencer kjem på scenen og snakker om ein Oscar-utdeling 47 år tidlegare. Den utdelinga vart utsatt utav respekt for Martin Luther Kings død. Ho presenterer den nominerte sangen "Glory" frå filmen Selma. John Legend og rapperen Common framfører!

Mange tårer i salen etter den sterke sangen! Kreditering av Harris til musikerne.

Idina Menzel og John Travolta kjem på scenen med konvolutten for beste originale sang. And the Oscars goes to ... "Glory" frå filmen Selma, John Stephens og Lonnie Lynn.

Harris har bytta dress!

Scarlett Johansson kjem på scenen og snakker om The Sound of Music som er 50 år i år og vant 5 Oscar-statuetter i 1966. Scener frå filmen! Johansson presenterer Lady Gaga som framfører deler av "The Hills Are Alive", "My Favourite Things", "Edelweiss" og "Climb Every Mountain"  frå nemnte film. Gaga har forøvrig bytta kjole, tatt av seg hansker og slått ut håret. Ståande applaus!

Julie Andrews kjem på scenen, klemmer Lady Gaga. Tårer-i-augo-Andrews kjem med konvolutten for beste musikk. And the Oscars goes to ... The Grand Budapest Hotel, Alexandre Desplat. Første statuett og åttande nominasjon.

Eddie Murphy kjem på scenen med konvolutten for beste originale manus. And the Oscar goes to ... Birdman, Alejandro G. Inarritu, Nicolas Giacobone, Alexander Dinelaris Jr. og Armando Bo.

Oprah Winfrey kjem på scenen med konvolutten for beste tilrettelagte manus. And the Oscar goes to ... The Imitation Game, Graham Moore. Norsk Oscar-statuett!

Ben Affleck kjem på scenen med konvolutten for beste regissør. And the Oscars goes to ... Alejandro G. Inarritu, Birdman.

Cate Blanchett kjem på scenen med konvolutten for beste mannlege hovudrolle. Nominerte: Steve Carrell, Bradley Cooper, Benedict Cumberbatch, Michael Keaton og Eddie Redmayne. And the Oscar goes to ... my man, Eddie Redmayne.

Matthew McConaughey kjem på scenen med konvolutten for beste kvinnelege hovudrolle. Nominerte: Marion Cotillard, Felicity Jones, Julianne Moore, Rosamund Pike og Reese Witherspoon. And the Oscar goes to ... Julianne Moore. Ståande applaus!

Harris' Oscar-predictions in the briefcase on stage.

Og den aller siste prisen, delt ut av Sean Penn kl. 06:02. Prisen for beste film. And the Oscar goes to ... "Who gave this son of a bitch his green card?" BIRDMAN!

XOXO

Les og IMDb sin synopsis.

6 kommentarer:

  1. Vel blåst. Noen flotte kjoler. Neil Patrick Harris i hvit boxer. Scarlet Johanson. Neil Patrick Harris i hvit bokser. Vil ikke slippe taket! Neil Patrick Harris - det er ham over alt annet jeg kommer til å huske fra Oscar i år. Og den grønne kjolen til Scarlet Johanson. Boxershorts!!! HVIT! haha :D :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Harris er bare så herlig! Og Scarletts kjole - klasse over den.

      Slett
    2. Synd hun fikk slakt for kjolen idag på Min Mote... Kan være enig i at smykket kanskje ikke var helt innertier, men hun var da rålekker i kjolen!!

      Slett
    3. Smykket var muligens ikkje innafor, men ho var rålekker, og det er så deilig at det ikkje bare er pudderfarger, rødt og svart på løperen :-)

      Slett
  2. Takk for kjempebra reportasje! Ser det hele for meg.

    SvarSlett