Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 23. februar 2015

Oscarnatt 2015 - Rød løper

Dette er ikkje korrekturlest, så bær over med skrivefeil og diverse!

Jannecke Weeden og laget hennar i TV6 har fått låne Oscar-statuetten til Kon Tiki-museet, og studioet er Oscar-pynta.

Kl 01:00: Rød løper direkte frå Hollywood. Robin Roberts er klar på løperen! Nydeleg kjole på dama forresten. 21 kameraer er på plass på den røde løperen, melder Roberts. Regn i Hollywood for øyeblikket.

John Legend er i samtale med Roberts. Han skal seinare framføre sangen Glory frå filmen Selma. Hans halvt norske forlovede, Christine Teigen, har foreløpig kveldens høgaste splitt opp etter heile låret.

Michael Keaton er på plass. Han er nominert i kategorien mannlege hovudrolle, Første gong han er nominert i ein alder av 63 år!

På løperen går nå to mennesker med kofferter fulle av konvolutter. Kven går av med seieren?

Rosamund Pike er i samtale med Robin Roberts. Pike er nominert i kategorien kvinnelege hovudrolle for Gone Girl. Per Sundnes melder at han har akkirat oppdaga denne engelske rosa. Eddie Redmayne beklager seg over at det regner, at det alltid regner når han kjem til Los Angeles. Han er nominert i kategorien mannlege hovudrolle som Stephen Hawking.

Ei anna engelsk ung dame i samtale med Robin Roberts, Felicity Jones, nominert i kategorien kvinnelege hovudrolle som Jane Hawking. Grå overdådig kjole med rustning/korsett-overdel.

Lara Spencer i samtale med Jimmy Kimmel som er morsom som alltid, har ikkje dress på seg, og meiner at han ikkje visste at det var ein dresskode.

Sara Haines snakker med Kevin Hart som er her for første gang og skal presentere ein pris.

Lupita i ein nydeleg kjole, Octavia Spencer og J.K. Simmons med hatt. Elsker menn med hatt! Julianne Moore i samtale med Robin Roberts som er nominert i kategorien kvinnelege hovudrolle. Sin livs rolle som Alzheimer-ramma Alice. Mona B. Riise er bombesikker på at ho vinner. Forøvrig ein kjedeleg kjole! Storm Pedersen synes kjolen er fin, og ho ser ut som ein statuett meiner han.

Lara Spencer i samtale med Dakota Johnson og Melanie Griffith. Griffith har ikkje sett dotteras nyaste film Fifty Shades of Grey, men er sikker på at den er god sidan dottera er med.

Chris Pratt og Anna Faris syns det er surrealistisk å vera på den røde løperen. Benedict Cumberbatch er på den røde løperen, han ser flott ut i kvit smokingjakke.

Presentasjon av Team Oscar, The Next Generation.

40 minutter frå utdelinga!

Storm Pedersen meiner at det å dra på seg smoking på Oscar er som kondom: Det er safe!

Reese Witherspoon, ei av mine favorittskodespelarar, ser nydeleg ut i samtale med Robin Roberts. Ho er nominert i kvinnelege hovudrolle. Reese har lagt ut ein hashtag med #askhermore som vil at reportere skal spør kvinner meir om kva dei gjer istaden for kva dei har på seg. Lara Dern i samtale med Jennifer Lopez i ein overdådig prinsessekjole, blekrosa og med splitt mellom brystene. Annleis enn hennar varemerke havfruekjolen.

Scarlett Johansen har ein nydeleg grønn kjole, og har barbert sidene av hovudet. Storm Pedersen i studio meiner at damene må drite i å barbere sidene. Eg syns det er knalkult! Lupita har ein heilt anna rolle enn i fjor, og er komfortabel i rollen dette året.

Emma Stone vil besvime viss Clint Eastwood kjem bort til henne, og kven er det Eastwood har på armen? Ethan Hawke er nominert i beste mannlege birolle, og har endeleg kome til slutten på eit 13 år langt filmeventyr. Nominert for Boyhood.

Naomi Watts i kort samtale med Lara Spencer.

Robin Roberts i samtale med enkja etter Chris Kyle som Bradley Cooper speler i American Sniper. Ho syns det var viktig å vera her i dag.

Fun fact frå studio: Vinner Michael Keaton er han den tredje som har spilt Batman som vinner, etter George Clooney og Christian Bale.

Emma Stone er den yngste i år som er nominert, 26 år.

Bradley Cooper er stolt over filmen han er nominert for, og føler det er ein viktig historie å fortelje, American Sniper.

Tim McGraw og Faith Hill saman med Lara Dern. Han skal framføre den nominerte sangen til Glen Campbell. Campbell sjølv kan ikkje kome då han er på sjukeheim med Alzheimer. Faith Hill har tidlegare framført sang på Oscar.

Lara Spencer i samtale med Kerry Washington, i champagnehvitt. Ho skal presentera ein pris seinare.

Sara Haines i samtale med Lady Gaga, som skal synge seinare. Ho har ein custommade kvit spesiell kjole, røde hansker og røde lepper. Ser forbausande normal ut ;-) Forloveden har ho ikkje tatt med seg, han må jobbe dagen derpå. Per Sundnes meiner ho ser ut som eit kjøleskap, medan Storm Pedersen elsker den.

Robin Roberts har bevega seg inn i Dolby Theatre med Chris Evans. Han har ei god kjensle om å vera der saman med alle menneska som vil det same. Lara Dern har funnet Patricia Arquette, ei nydeleg dame og fin kjole. Ho er nominert i kategorien beste kvinnelege birolle. Saman med Ethan Hawke har ho avslutta eit filmeventyr på 13 år: Boyhood.

Kl. 02:26: Etter reklamepausen er det tid for utdeling! Kjem eit nytt innlegg om det :-)

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ser på utdelingen her fra Canada. Litt mer levelig tidspunkt for meg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, lurt. Fjerde året med nattevåk og Oscar-natt så begynner å bli godt vant :-)

      Slett