Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 10. mars 2015

Bok: "Lejontämjaren" (Fjällbacka #9)

Forfatter: Camilla Läckberg (f. 1974)
Utgitt: 2014
Format: Lydbok frå Storytel, 14t3min27sek, lest av Katarina Everlöf
Forlag: Bonnier Audio

Rett før eg reiste til Oslo sist veke høyrte eg ferdig Camilla Läckbergs nyaste krimroman om Erica Falck og Patrik Hedström. Eg hadde omtrent avskrevet at det kom fleire bøker frå Fjällbacka, men eg trur det var ifjor eg oppdaga at det skulle kome ny bok. Eg er ikkje så vilt utolmodig, men då sjansen baud seg og eg kunne høyre den via Storytel ei lita stund før den norske utgåva kom ut greip eg den.

Lejontämjaren har som dei andre bøkene om Erica og Patrik ein nåtids- og ein fortidshistorie, også er det opp til både lesar/lyttar og vårt eminente par å finne linken mellom historiane. Det første som skjer i denne boka er at ei jente blir påkøyrd, og det viser seg at ho har vore forsvunnet ei stund. Det er fleire slike saker rundt i distriktet, og politiet starter å undersøkje dette meir. Samtidig held Erica på med ei ny bok, og intervjuer ei eldre dame, Laila, om mordet på hennar ektemann på 70-talet. Fleire jenter forsvinner, og Erica dykker djupare ned i livet til Laila. Kva har desse to historiane til felles?

Eg har lest Camilla Läckberg i nokre år, og er ikkje skuffa over ei einaste bok. Läckberg har funnet formelen, og eg liker den godt. I motsetning til andre forfattere som blander nåtid og fortid klarer Läckberg det med bravur. Lejontämjaren er spennande, intens og humoristisk. Historien er betre enn på lenge, og det tok lang tid før eg forstod forbindelsen mellom nåtid og fortid. Språket har eg ingenting å utsette på, det er drivande fortalt og opplesaren er god. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer: