Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 22. august 2015

Read-along av britisk klassiker

Etter seks longlistbøker er eg ein smule smålei, og har funne anna lesestoff innimellom. Eg liker å tru at eg har truffe nokonlunde med eit par av bøkene til Booker-prisen, men eg er førebudd på å gi meg i kast med eventuelle shortlistbøker 15. september.

Akkurat nå høyrer eg Laila Lalamis The Moor's Account, og les Sunjeev Sahotas The Year of the Runaways på kindle. Det går heller tregt med begge, og overbevis meg gjerne om at The Chimes og The Illuminations er meir verdt mi lesetid. Dei ligger nemlig her i nyinnkjøptebøkerhaugen.

Eg fylgjer ein del danske bokblogger, og Jane Austens Pride and Prejudice har nettopp kome ut på ny i Danmark. Nettstedet Lovebooks har derfor read-along som byrjer i dag med nemnte Austen-bok. Det er nærmare fire år sidan eg las den høgt elska klassikeren, og deltar dermed på read-along. Om du les i eige tempo eller ynskjer å fylgje leseplanen er heilt opp til deg, hashtagget i sosiale medier er #stolthedogfordom.


XOXO

2 kommentarer:

  1. Å, det må jeg også slenge meg med på. Helt klart på tide med en gjenlesing!

    SvarSlett