Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 23. desember 2016

Gledelig jul!

Ungane har hoppa og dansa på jobb heile dagen - fulle av kalenderglede, nissesnakk og lykke over at jula som me har prata om i ein heil månad endeleg er her. Den eine guttungen min vart overlykkeleg når han fekk ta ned dei to siste hjertene i kalenderen i vindauget.

Julemusikken har surra og gått i leiligheten, eg har to svibler som er på nære nippet til å hoppe ut, nissen har fleire gonger vore i skapet mitt på jobb og eg kjenner ein intens glede over å jobbe med kjekke folk. Eg har sett The Muppets Christmas Carol og The Family Stone på kveldstid, og merkeleg nok får eg julestemning av å lese C.S. Lewis' Løven, heksa og klesskapet.

Sjokoladekalenderen eg fekk uventa av ei venninne ein søndag ettermiddag er snart oppspist, og i kveld kjem det mest julete av alt: Grevinnen og hovmesteren! Det må forresten sloss litt om merksemda når Med grimm og gru går omtrent samtidig.

Når eg var liten husker eg spesielt ein julaften der den største nedturen var at me kunne gå i finsko dei femti metrane frå foreldrene mine sitt hus til farmor og farfars hus. Vestlandet er ikkje bortskjemt med snø på julaften og i år er intet unntak. Regnet slår taktfast på rutene, og eg bles nesten sidelengs på veg heim i dag. Men jul blir det uansett!

Gledeleg jul til alle blogglesere!

XOXO

8 kommentarer:

  1. Du skriver så fint, jeg får julestemning bare av å lese dette innlegget! Håper dere hadde en fin julaften, og har en god jul videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Julaften var superfin, eg har overnatta hjå foreldrene mine til i dag og i kveld er det Flåklypa på skjermen :-)

      Slett