Søk i denne bloggen

lørdag 1. desember 2018

God 1. desember!

Kjelde: Pinterest

God 1. desember til alle!

Julemånaden er endeleg her, og etter gårsdagens arbeidsdag der ungane sang Santa Lucia for full hals heile formiddagen har eg julestemning så det holder. Julepynten fekk eg fram i ein fart og det var ganske morsomt. Saken er at eg hadde igrunnen ikkje tid før i dag til å få fram julepynten, men mandag denne veka bar eg opp kassene frå kjellerboden (som praktisk sett betyr fire turer opp og ned med heisen) bare for å sjå over kva eg hadde. Dette vart så kjekt at eg var halvveis ferdig med pynting då eg la meg den kvelden. Tysdag hadde eg kakebaking på planen etter jobb for eg hadde lovt å ta med kake på møte onsdag kveld. Innimellom kakebaking pynta eg resten.

Onsdag hadde eg bursdag - HURRA FOR MEG - og med jobbmøte den kvelden var eg på jobb frå 9 om morgonen til 20 om kvelden. I dag er det lørdag, eg skal kjøpe kjøkkenmaskin for bursdagspenger og kose meg med første luke i Maja Lunde og Lisa Aisatos Snøsøsteren. Eg veit om mange som skal lese denne i adventstida og eg gler meg.

Håper du har ein fin første desember!

XOXO

1 kommentar:

  1. Heisann og gratulerer med vel overstått bursdag :) Tusen takk for den kjempekoselige hilsenen du la igjen til meg <3 Håper du har fine desemberdager med masse leselyst og baking. Stor klem :)

    SvarSlett