Litteraturmål 2011

  1. Lese fleire klassikere. Eg vil helst lese dei eg har i dvd-hylla, som Charles Dickens, Thomas Hardy, Elizabeth Gaskell, George Eliot og Jane Austen. Sistnemnte er ikkje framand for meg i bokform, men ønsker å lese dei om igjen.
  2. Lese fleire krimbøker. For eit par år sidan var krim omtrent det einaste eg leste, men så vart eg lei. Nå ønsker eg å finna krimgleden igjen, og har satt opp Agatha Christie på forfatterlista.
  3. Lese ferdig fantasyseriane. Eg begynte så smått på Rick Riordans Percy Jackson og Philip Pullmans His Dark Materials.
  4. Lese meir om vampyrer. P.C. Cast har fått merksemd på bloggene, og eg er interessert i Rachel Caine, Richelle Mead og resten av serien til L.J. Smith.
  5. Lese andre språk. Eg leser norsk og engelsk, men det er jo fullt mogleg å lese bøker på eksempelvis svensk og dansk (om det er mogleg å finne på biblioteket).
  6. Lese bøker i mi eiga bokhylle. Fanen 'Off the Shelf' er allereie oppretta, og eg kjem til å oppdatere den etter kvart.
  7. Lese bøker frå fleire land. Reise-i-litteratur-innlegget var ein vekker, og fekk meg til å innsjå at det er fleire hull i min forfatterverden.
  8. Skrive betre bokanmeldingar. Eg begynte så smått å skrive info om bøkene, men så datt det vekk igjen.
  9. Kommentere blogginnlegg. Eg er innom omtrent 10 blogger kvar einaste dag, men legger sjelden igjen kommentar.
  10. Fortsetje med å blogge om bøkene eg les, og spre leseglede!

1 kommentar:

  1. Jeg er veldig glad i Agatha Christie. Har lest mange, mange. Favoritter:Mann i brun dress, bøkene om Bundle, bøkene om Miss Marple! Liker så godt hennes skildringer av den engelske overklassen!

    SvarSlett